Akka AS | Nettsider og nettsidekurs

View Original

Har du ei målsetting for nettsida di?

I denne videoen snakkar eg om kvifor du bør stille deg sjølv spørsmålet: Kva er målet med nettsida mi? Du får også ei lita utfordring som kan hjelpe deg i gang med å finne svaret.

Veit du kva som er målet med nettsida di?

Kvifor bygger du denne nettsida, og kva skal du eigentleg bruke sida til? Det er ein svært god grunn til at du bør stille deg dette spørsmålet. For om du ikkje veit kva utbyte du skal ha av nettsida di, så kan du nesten like godt la vere å bygge henne.

Du kan gjerne tenke på nettsida di som ein tilsett i firmaet ditt. Alle tilsette bør ha ein stillingsinstruks. Der er ikkje slik at du tilset ein person for så å seie til denne personen: “Eg har ikkje tenkt på kva eg vil bruke deg til. Berre gjer eitt eller anna!”.

Nei, du vil sjølvsagt ha ein tilsett som gjer nytte for seg, og slik bør du også tenke når det gjeld nettsida di.

Kva stillingsinstruks vil du gje nettsida di?

  • Skal sida selje noko for deg?

  • Skal sida “stå i butikken” for deg (nettbutikk)?

  • Skal sida svare på spørsmål eller ta imot klager?

  • Skal sida underhalde kundane dine?

  • Skal sida hjelpe deg å samle inn pengar til ei god sak?

  • Skal sida skaffe fleire medlemmer til foreininga di?

  • Skal sida vere ein ressursbank, eit læringssenter eller ei nyheitsside?

Tenk igjennom måla i starten av nettsideprosjektet

Det er veldig sannsynleg at målet for nettsida di er ein kombinasjon av fleire mål. Heilt i starten av nettsideprosjektet ditt bør du difor få alle små og store mål ned på papiret.

👇🏼Her er ei øving som du kan hjelpe deg i gang.

Lykke til med å setje opp gode mål for nettsida di!