Akka AS | Nettsider og nettsidekurs

View Original

Nettside på budsjett?

Foto: Unsplash

Å bygge nettsida di sjølv kan spare deg for mange utgifter, men korleis går du fram for å lykkast? Kurspakken Ekspress+ er utvikla for deg som ønsker deg ei profesjonell og moderne nettside som er enkel å administrere. I instruksjonsvideoane tek vi utgangspunkt i nettsidemalen som høyrer med, og du lærer alt du treng for å bygge og publisere di eiga draumenettside i Squarespace. Du får ei side med responsivt design, innebygd webhotell og tilgang til engelskspråkleg support 24/7 – for å nemne noko. Sida kan du bygge ut seinare – i ein eller fleire etappar – med alle Squarespace sine tilleggsfunksjonar.

Kurs og nettsidemal i ein pakke

Demosida eg brukar i instruksjonsvideoane, er identisk med nettsidemalen din.

Squarespace Ekspress+ inneheld to hovudelement:

  • Eit digitalt sjølvbyggarkurs

  • Ein nettsidemal

Og for å gjere det enklast mulig for deg som er nynorskbrukar, er nettsidemalen ferdig koda med nynorske språkkodar. Sidemalen inneheld 7 undersider: Heim (framside), Om oss, Bloggside, Blogginnlegg, Kontaktside, Produktside og ei 404-side. Alle undersidene har nynorske hjelpetekstar. Tekstane er meinte som ei hjelp til deg, når du skal lage innhaldet ditt. Alt det skriftlege kursinnhaldet er også på nynorsk.

Skriv du bokmål? Kontakt meg, så fjernar eg dei nynorske språkkodane i sidemalen for deg, utan ekstra kostnad. Dei nynorske hjelpetekstane blir ståande, men desse skal du uansett endre, anten du skriv nynorsk eller bokmål.

Demosida eg brukar i instruksjonsvideoane er identisk med nettsidemalen din. På denne måten vil det vere lett for deg å kjenne deg att, når du skal i gang med å bygge di eiga draumeside. I løpet av kurset vil du lære å tilpasse fargar, teksttypar, designelement, sidestruktur, tekst og bilde, slik at nettsida di blir heilt unik – og ulik alle andre.

5 modular, 20 leksjonar og mykje meir

Kurspakken Ekspress+ inneheld 5 kursmodular med i alt 20 leksjonar og 24 instruksjonsvideoar. I tillegg får du ein bonusleksjon, ei e-bok, fleire nyttige sjekklister, fleire gode rabattar og endå mykje meir. Under finn du litt informasjon om kvar modul.

Foto: Unsplash

Foto: Unsplash

Ta kurset i ditt eige tempo

Kurset har ingen start- eller sluttdato, og du studerer når det passar for deg. Du har tilgang til kursinnhaldet i 12 månader, og du brukar så lang tid som du ønskar på å fullføre kurset. I denne perioden kan du hoppe fram og tilbake i kurset og gå igjennom innhaldet så mange gongar du vil.

Fleire fordelar

Utvida gratisperiode: Som kursdeltakar får du fleire av dei same fordelane som eg har, som Circle-medlem, og ein av desse er ei sterkt utvida prøveperiode hos Squrespace. Prøveperioden er normalt på 14 dagar, medan du no kan vente i 6 månader før du startar opp det betalte abonnementet ditt hos Squarespace.

20% rabatt hos Squarespace: Først etter at prøveperioden din er over, eller når sida di er klar for publisering, er det på tide å opprette eit betalt kundeforhold til Squarespace. Du må ha Squarespace-abonnementet “Business plan” eller høgare for å publisere sida di på nettet. Som kursdeltakar får du 20 % rabatt på det første årsabonnementet ditt. Her finn du gjeldande prisliste frå Squarespace.

Spørsmål og svar på e-post: Squarespace Ekspress+ har ikkje individuell oppfølging inkludert i kurspakken. Du kan likevel kontakte meg for enkle spørsmål. Om spørsmåla har relevans for fleire, sender eg ut den same informasjonen til alle som har kjøpt kurset. Hugs å krysse av for at du vil ha e-postar frå meg, om du vil ha desse oppdateringane.

50 % rabatt på videokonsultasjonar med meg: Målet mitt er at du skal lykkast med å bygginga av den nye nettsida di. Som kursdeltakar får du difor 50 % rabatt på videokonsultasjonar hos meg. Kanskje treng du litt praktisk hjelp eller ein pep-talk for å kome deg i mål?


Dette innlegget vart første gang publisert 14. oktober 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.