Slik får du trafikk til nettsida di

Tidsbruk: ☕

Person med bankkort ved PC. Foto: MarsBars, Getty Images / Canva

Person med bankkort ved PC. Foto: MarsBars, Getty Images / Canva

For at nettsida skal fungere som ein salskanal for bedrifta di, må du få folk til å besøke henne.

I dette innlegget tek eg føre meg nokre viktige trafikk-kjelder, og du får vite korleis du kan utnytte Squarespace sine innebygde marknadsføringsverktøy og integrasjonar for å drive trafikk til nettsida di.

1. Organisk trafikk

Med organisk trafikk tenker vi vanlegvis på trafikk som kjem frå søketreff i søkemotorane – som du ikkje har betalt for. Det vil seie at innhaldet ditt dukkar opp i søketreff, utan at du har kjøpt deg oppover på søkemotorane sine trefflister.

Eg vil anbefale deg å jobbe for at størst mulig del av trafikken din kjem frå slike organiske søketreff. Tiltaka du gjer for å få dette til, kallar vi gjerne søkemotoroptimalisering (forkorta til SEO på engelsk).

Som Squarespace-brukar har du ei teknisk god plattform, som allereie er bygd for god synlegheit. Det er likevel innhaldet ditt, og korleis du legg det inn og presenterer det, som vil gjere størst utslag for kor synleg sida di faktisk blir.

Dette kan du gjere for å betre synlegheita til sida di:

  • Gå igjennom Squarespace si eiga sjekkliste for å sikre at sida di er optimalisert for både søkemotorar og besøkande.

  • Hjelp Google med å finne og indeksere nettsida di gjennom å kople sida di med Google Search Console.

  • Publiser innhald som er relevant og nyttig for målgruppa di.

  • Hjelp folk å finne innhaldet ditt ved å bruke dei same nøkkelorda som målgruppa di brukar i sine Google-søk.

 

Gode stader å plassere viktige nøkkelord på Squarespace-sida di:

  • i det overordna domenenamnet

  • i den overordna sidetittelen

  • i URL-en (adressa) på undersidene dine

  • i SEO-tittelen og sidetittelen på undersidene dine

  • i SEO-beskrivingar

  • i overskrifter (H1, H2 og H3)

  • i brødtekst

  • i kategorinamn

  • i bildetekstar, bildetitlar og alternativ tekst i andre filnamn

    (Les også: Beste praksis for bildebruk i Squarespace)

2. Direkte trafikk

Direkte trafikk kjem frå besøkande som skriv inn adressa (URL-en) til nettsida di direkte i adressefeltet i nettlesaren. Dette er altså besøkande som på ein eller annan måte kjenner til bedrifta di, og som ikkje treng å gå omvegar for å finne fram til innhaldet ditt.

Ein auke i den direkte trafikken kan tyde på at du har gjort ein bra jobb med å bygge merkevara di og å vise deg fram for målgruppa i fleire ulike kanalar.

3. Betalt trafikk

Det kan vere ein god ide å teste ut annonsering i Google Ads for å få meir trafikk til nettsida di. På denne måten kan du betale for å rangere høgare på søkemotorane sine trefflister. Google Ads fungerer slik at du berre betalar for faktiske resultat, altså når nokon klikkar på innhaldslinken som fører til nettsida di.

Hugs at som Squarespace-brukar kan du løyse inn ein Google Ads-kreditt når du set opp Google Ads-kontoen din.

Om Google-annonsering er nytt for deg, vil eg anbefale deg å få litt hjelp til dette, om du då ikkje er supermotivert for å setje deg inn i Google Ads heilt på eiga hand. Finn eit byrå som kan hjelpe deg å velje ut søkeord, setje opp gode annonsar, måle resultata dine og hjelpe deg å justere undervegs.

4. Trafikk frå sosiale medium

Squarespace har gjort det svært enkelt å kople nettsida di saman med kontoane dine på sosiale medium. Når du deler innhald frå nettsida di og ut i sosiale kanalar, vil målgruppa di finne innhaldet ditt «der dei er». Og om innhaldet er godt og relevant, kan dette skaffe ein god del trafikk tilbake igjen til nettsida di.

Du kan alltid dele sider frå nettsida di ved å legge ut URL-en (sideadressa) på sosiale medium. Squarespace har i tillegg ein innebygd funksjon, der du kan dele visse typar innhald automatisk i det du publiserer det.

Det er sjølvsagt også fullt mogleg å få betalt trafikk gjennom annonsering i sosiale kanalar. Facebook, Instagram, YouTube og LinkedIn er mellom dei som tilbyr deg å betale for auka synlegheit hos målgruppa di, og på denne måten skaffe deg fleire besøkande.

Det generelle rådet mitt er at du ikkje gapar over meir enn det du kan klare. I staden for å vere halvvegs til stades overalt, kan du velje deg ut nokre få kanalar og heller gjere ein grundig jobb her.

Hugs at du må setje av tid til å kommentere, svare på spørsmål, yte service og informere. Del innhald som har verdi for målgruppa di og som viser kven du er og kva du står for.

5. Blogging og innhaldsmarknadsføring

Har du muligheit til å drive ein fagblogg på sida di, kan dette hjelpe deg å klatre på resultatlista til søkemotorane.

Google og andre søketenester er glade i sider som oppdaterer innhaldet sitt jamt og trutt, og målgruppa di set pris på bedrifter som deler verdifull kunnskap, skapar tryggheit og inspirerer. Dette vert av mange også kalla innhaldsmarknadsføring og handlar om å produserer innhald som er av interesse for dei personane bedrifta di definerer som potensielle kundar.

Bruk bloggartiklane til å demonstrere kompetansen din, og vis at du har det som trengst for å hjelpe målgruppa di. Når du viser at du kan hjelpe, gjennom å faktisk hjelpe, aukar du sannsynet for at potensielle kundar kjøper eit produkt eller ei teneste frå deg.

Gjennom å publisere bloggartiklar med jamne mellomrom vil du auke synlegheita di på viktige søkeord. Hugs å bruke søkeorda strategisk, i både overskrifter, URL-ar, kategorinamn, SEO-titlar og -beskrivingar, i overskrifter, brødtekstar og bilde. Du skal likevel vere ikkje overdrive. Ein hugseregel kan vere at du skal vere hjelpsam (og ikkje på desperat jakt etter besøkande).

Med Squarespace sin innebygde bloggfunksjon kan du opprette blogginnlegg og bloggutdrag, du kan merke og kategorisere innlegga dine, aktivere kommentarar og dele innlegga dine til sosiale medium og nyheitsbrev.

Blogginnlegga kan du presentere i eigne bloggseksjonar ein eller fleire stader på sida di. Her lar Squarespace deg velje mellom fleire ulike design og oppsett.

6. Nyheitsbrev og e-postmarknadsføring

E-postmarknadsføring er ein av dei mest kostnadseffektive måtane å bygge tillit og truverd på, slik at du, i neste omgang, kan selje varene og tenestene dine. Å bygge opp ei solid e-postliste er difor noko av det viktigaste du kan gjere for bedrifta. Når du sender ut nyheitsbrev, opnar du ein direkte kommunikasjonskanal ut mot målgruppa di.

I motsetnad til kontaktlistene dine på Facebook, Instagram og Google, eig du sjølv e-postlistene dine, og du kan kommunisere med målgruppa di utan å ta omsyn til algoritmar du sjølv ikkje har kontroll på.

Squarespace har ferdige side-seksjonar du kan legge til for å samle inn påmeldingar til nyheitsbrev, og du kan setje opp automatiserte e-postsekvensar som går ut til dei som melder seg på.

Du kan administrere kontaktane dine og setje opp e-postkampanjar direkte frå administrasjonspanelet på sida di. Herifrå kan du også hente inn produkt og blogginnlegg frå nettsida di og dele dei med e-postlista di med nokre få klikk.  

Squarespace Email Campaigns er ikkje av dei mest avanserte e-postverktøya på marknaden, men den direkte koplinga mot innhaldet ditt, gjer marknadsføringsjobben uforskamma enkel! Om dette verktøyet ikkje passar for deg, har Squarespace også en integrasjon med MailChimp.

7. Kor mykje trafikk treng du?

Du bør alltid ha ei viss formeinig om kor mange besøkande du treng for å nå omsetnadsmåla for bedrifta di. Dette vil vere svært ulikt frå bedrift til bedrift, og i starten må du nok basere måltala dine på ei blanding av synsing og fakta. Etter kvart som du kjem i gang, vil du kunne svare meir og meir kvalifisert på desse tre spørsmåla:

  1. Kor mange sal treng eg per månad for å nå omsetnadsmåla mine det gjeldande året?

  2. Kor mange interesserte besøkande (leads) treng eg kvar månad?

  3. Kor mykje trafikk treng eg normalt per månad for å få ein besøkande til å vise interesse for produkta eller tenestene mine?

Les korleis du kan finne måltala dine her: Gode nettsidemål gjer deg glad.

8. Lag ein nettsidestrategi, mål og juster

Nettsidestrategi

For å jobbe systematisk med å auke nettsidetrafikken din treng du ein god nettsidestrategi. Med nettsidestrategi meiner eg ei gjennomtenkt og skriftleg formulering om:

  1. kven du rettar deg mot (målgruppa di)

  2. kva du skal oppnå med nettsida (til dømes å selje meir, bygge e-postliste, informere betre)

  3. korleis du skal få dette til (til dømes korleis skape trafikk)

Som eg skriv i dette blogginnlegget, kan strategien din vere eit ark med 3 avsnitt eller eit dokument på 300 sider. Prøv å formulere mål som er SMARTe. Det vil seie mål som er spesifikke, målbare, attraktive, realistiske og tidfesta.

Du kan lese meir om SMARTe nettsidemål her.

I strategien din skriv du også ned kva trafikk-kjelder du skal satse på og kva trafikkdrivande tiltak du skal gjere for dei ulike trafikk-kjeldene.

Måling

Bestem deg for kor ofte du vil gjere målingane dine, og set av tid i kalenderen kvar dag, kvar veke eller kvar månad. Lag deg gjerne eit dokument, der du fyller inn tala dine manuelt, for å få eit nærare forhold til tala dine.

SMARTe nettsidemål gjer det både enkelare og meir motiverande å følge med på korleis nettsida di presterer. Her er nokre av Squarespace sine verktøy og integrasjonar eg vil anbefale deg å bruke:

  1. Squarespace Analytics: Dette innebygde verktøyet er lett tilgjengeleg frå administrasjonspanelet ditt. Her får du bra oversikt over kvar trafikken din kjem frå.

  2. Google Analytics: Du bør også utnytte Squarespace sin innebygde integrasjon med Google Analytics. Her kan du lese ut nesten endelause mengder med data frå aktiviteten på nettsida di.

  3. Google Search Console. Gjennom integrasjonen med Google Search Console kan du be om at Google indekserer nettsida di, noko som fører til at endringane du gjer kan visast i søkeresultata tidlegare. Du kan også finne ut kva søkeord besøkande brukar for å finne nettsida di. Verktøya og rapportane i Search Console hjelper deg å måle søketrafikk og yting og å løyse eventuelle problem knytt til synlegheit.

Bruk innsikta frå nettsidestatistikken til å justere strategien din og endre tiltaka dine. Deretter sjekkar du om endringa du gjorde har hatt effekt.

Lukke til!

Har du spørsmål om dette eller anna, eller har du tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 24. september 2021
Monika Haanes Waagan, Akka AS

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Beste praksis for bilde i Squarespace

Next
Next

Dette innhaldet bør du ha på nettsida di