Slik testar du om Squarespace 7.1 passar for deg

Tidsbruk: ☕☕

Foto: Canva

Foto: Canva

Eg tippar du har sett testane som samanliknar ulike nettsideverktøy som Squarespace, Wordpress, Twix og HubSpot. Men, skal vi vere ærlege så er det umulig å lese seg til kva verktøy som vil fungere for akkurat deg. Eg trur det er mykje betre å prøvekøyre litt på førehand. Med Squarespace kan du heldigvis gjere dette heilt gratis og utan å måtte legge att kredittkortopplysningar.

I dette blogginnlegget viser eg deg korleis du enkelt og raskt kan kome i gang med ei gratis prøveside i Squarespace 7.1. Når vi er ferdige, vil du ha informasjonen du treng, for å starte med ei grundig utprøving av Squarepace 7.1.

Er du klar for å gi Squarespace ein sjanse? Fyll kaffi/te/kakao-koppen ☕ (stryk det som ikkje passar), så går vi i gang!

Merk: Eg viser deg korleis du gjer dette frå pc/datamaskin. (Squarespace-appen kan også brukast, men eg likar best å bruke datamaskin til dette.)

 

Steg 1: Gå til www.squarespace.com

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Det aller første du skal gjere, er å skrive inn nettadressa til Squarespace i adressefeltet på nettlesaren din. Du kjem då inn på hovudsida til Squarespace. Gjer deg klar for å klikke på GET STARTED-knappen!

 

Steg 2: Klikk GET STARTED

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Om du får opp denne sida, med overskrifta “What’s your site about?”, kan du velje å svare på spørsmåla og klikke NEXT, eller du kan klikke I’M JUST BROWSING for å gå vidare.

 

Steg 3: Finn rett mal til ditt behov

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Sida du kjem inn på no, viser deg heile malbiblioteket til Squarespace 7.1. Det er her du skal velje ut ein mal å starte ut ifrå. Her bør du ta deg god tid.

 

Steg 4: Sorter etter sidetype og emne

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Eg vil anbefale deg å sortere malane etter sidetype (TYPE) emne (TOPIC) og så sjekke ut forslaga til sidemalar som kjem opp. Sidemalen du vel ut, bør innehalde dei funksjonane du treng på nettsida di, anten det er nettbutikk (Online-store), bloggfunksjon (Blog), portefølje (Portfolio) eller anna.

 

Steg 5: Studer demosidene

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Ei demoside fungerer som ei ordinær nettside, og vil gje deg eit godt inntrykk av korleis sida di kan sjå ut og fungere, om du vel å starte frå denne malen.

Klikk først PREVIEW, deretter VIEW DEMOSITE. Når du har bestemt deg for kva designmal du vil bruke, klikkar du: START WITH THIS DESIGN

 

Steg 6: Lag brukarkonto i Squarespace

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Bruk helst e-postadressa di for å registrere kontoen din i Squarespace. Skriv inn fornamn, etternamn, e-postadresse, og lag deg eit passord du klarer å hugse. Deretter klikkar du CONTINUE.

Du treng ikkje å betale noko eller gi frå deg kredittkortopplysningar på førehand.

 

Steg 7: Gå i gang!

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Skjermdump frå Squarespace (squarespace.com)

Godt jobba! Du kan no gå i gang med testinga av Squarespace. Det første du blir spurt om er namnet på nettsida di. Kall henne kva du vil eller hopp over dette steget. Sidetittelen kan du uansett legge til eller endre seinare.

No kan du kose deg med Squarespace 7.1:

  • Prøv ut lekre sidemalar, fargar og fontar.

  • Test designelement og funksjonar.

  • Du kan faktisk bygge sida di heilt ferdig, om du vil, før du bestemmer deg for om du vil oppgradere (betale).

  • Er du fornøgd, kan du velje ein betalingsplan og publisere sida du akkurat har laga.

 

Lukke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 1. august 2021.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Portrett13 Monika Haanes Waagan Foto Natalie Gushchina.jpg
Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Gode nettsidemål gjer deg glad

Next
Next

Les dette FØR du vel namn til bedrifta og nettsida di!