Akka AS | Nettsider og nettsidekurs

View Original

Kom i gang med nyheitsbrev

Tidsbruk: ☕

E-post er ein av dei mest kostnadseffektive kanalane du kan bruke for å kommunisere og selje til målgruppa di. Å bygge ei solid e-postliste er difor noko av det viktigaste du kan gjere for bedrifta di.

See this content in the original post

Du får best effekt frå ei e-postliste med engasjerte mottakarar. Det vil seie at dei som melder seg på lista di, gjer det fordi dei er interesserte i innhaldet du sender ut og det bedrifta di har å tilby.

Påmeldingsskjema

Legg inn eit påmeldingsskjema på nettsida di, slik at dei som likar innhaldet ditt enkelt kan halde seg oppdaterte. I Squarespace finn du fleire ulike design for dette.

Popup-skjema

Legg også inn eit popup-skjema som dukkar opp i det nokon besøker nettsida di. Sjølv om dette kan virke påtrengande, viser det seg at denne typen skjema fungerer svært godt for å samle påmeldingar.  

Ulike påmeldingsskjema.

Popup-skjema.

Tilby noko gratis

Å gi bort noko gratis er ein av dei aller beste måtane å bygge e-postlista di på. Du gir altså bort eit gratisprodukt (engelsk: freebie) i byte mot ei e-postadresse. Tilby eit gratisprodukt som er relevant og nyttig for målgruppa di for å få ei e-postliste med interesserte mottakarar.

Det er mykje betre å bygge ei kort liste med svært interesserte mottakarar enn ei lang liste med folk som aldri vil kome til å kjøpe produkt eller tenester frå deg.

Les også: 3 gode grunnar til å gi bort noko gratis

See this content in the original post

Ved å setje opp ein sekvens av e-postar som automatisk blir sende ut ved påmelding, sikrar du at nye abonnentar får eit godt inntrykk av deg og bedrifta di, uansett når dei melder seg på e-postlista di.

See this content in the original post

Emnefeltet er heilt avgjerande for om nyheitsbrevet ditt blir opna eller ikkje. Det kan vere lurt å eksperimentere med ulike emnefelt og sjekke med statistikken din kva for eit emnefelt som gir best opnerate for dine mottakarar.

Squarespace gir følgande tips:

  • Ver spesifikk.

  • Fortel om sal og rabattar.

  • Ver tydeleg og konsis.

  • Still eit spørsmål.

  • Bruk gjerne emojiar

  • Skriv korrekt.

See this content in the original post

Det er viktig å velje ut innhald som gir verdi for lesarane dine. Ved å vise at du kan hjelpe – gjennom å hjelpe, vil du over tid kunne bygge tillit og truverd hos mottakarane dine. Nyttige e-postar vil bidra til å halde målgruppa di varm og engasjert, noko som aukar sjansen for at mottakarane ein gong i framtida vil kjøpe varer eller tenester frå deg.

Les også: Slik får du trafikk til nettsida di

See this content in the original post

Sørg for at e-postane du sender ut er korte og prøv å fokusere på berre eitt emne om gangen.

For kvar e-post bør du spørje deg sjølv kva som er den eine tingen du vil at alle som les denne e-posten skal gjere.

Legg til ein handlingsutløysande link i kvar e-post, og følg deretter nøye med på klikkraten din. Klikkraten er statistikken som viser kor mange som klikkar på ein link inne i e-posten din.

See this content in the original post

Squarespace Email Campaigns er eit svært brukarvennleg e-postverktøy. Den direkte koplinga mot innhaldet på sida di gjer verktøyet svært enkelt å administrere.

Vil du vite meir om Squarespace Email Campaigns?

Ta gjerne kontakt om du vil ha hjelp til å vurdere om Squarespace Email Campaigns er det rette verktøyet for deg. Squarespace har også en integrasjon med MailChimp, som er eit meir avansert verktøy.

Kontakt meg om Squarespace Email Campaigns


Dette innlegget vart første gang publisert 08. februar 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


See this form in the original post