Sal av produkt og tenester i Squarepace

To businessdamer som pakkar produkta sine. Foto: Canva / Odua Images

To businessdamer som pakkar produkta sine. Foto: Canva / Odua Images

Tidsbruk: ☕

Vil du kome i gang med sal av produkt eller tenester på nettet?

Squarespace har alt du treng, anten du vil starte enkelt og utvide gradvis eller drifte ein komplett nettbusiness frå dag ein.

Ta deg tid til å planlegge nettsideprosjektet ditt, slik at du kan velje ein måte og eit tempo, som både passar deg, kundane dine og bedrifta di.

Her er nokre av alternativa du har, når du skal bygge bedrifta di på nettet.

1. Skap di eiga nettside

Bygg sjølv

Er du av sjølvbyggartypen? Då kan du designe sida di frå scratch eller fråtse i ein haug med flotte Squarespace-malar. Her kan du lese korleis du kan finne passande malar og opprette ei gratis prøveside i Squarespace.

Start med eit kurs i nettsidebygging

Vil du heller starte med eit sjølvbyggarkurs, som tek deg stegvis gjennom byggeprosessen, finn du meir om kurs i nettsidebygging her.

Kjøp ein nettsidepakke

For deg som vil ha meir hjelp til sjølve bygginga, kan ein nettsidepakke vere ei betre løysing.

2. Sel produkt og tenester rett frå nettsida

Bestillingsskjema

Skjermdump: Døme på enkelt bestillingsskjema (lysboks) i Squarespace. Foto av dyr: Unsplash

Skjermdump: Døme på enkelt bestillingsskjema (lysboks) i Squarespace. Foto av dyr: Unsplash

Å ta inn bestillingar til bedrifta di via skreddarsydde skjema, kan fungere heilt fint for mange. Dette er i alle fall ein svært enkel måte å gjere det på.

Sørg for at skjemaet er godt plassert på nettsida di, og at det er lett for kundane dine å fylle ut skjemaet.

Skjemaet skreddarsyr du, slik at du får henta inn alle opplysningane du treng for å handtere bestillingane dine. Dette kan til dømes vere type produkt, mengd, storleik og farge, og sjølvsagt må dei nødvendige kontaktopplysningane til kunden vere med.

Bestillingane vil hamne rett i innboksen din, og i tillegg kan du sende opplysningane frå skjemaet til eit eksternt rekneark. Slik kan du enkelt halde oversikt over bestillingane dine og bygge opp kundebasen din.

Nettbutikk

Skjermdump: Døme på nettbutikk laga i Squarespace. Foto av smykke: Unsplash

Skjermdump: Døme på nettbutikk laga i Squarespace. Foto av smykke: Unsplash

Anten du er nystarta eller veletablert, vil Squarespace si nettbutikk-plattform vere eit kraftfullt tilskot til businessen din. Ifølge denne bloggartikkelen frå dyktige Ubåt, passar ein nettbutikk i Squarespace heilt supert for små og mellomstore nettbutikkar.

Eg brukar nettbutikkfunksjonen til å selje enkelte digitale produkt, men verktøyet passar like godt for deg som skal selje tenester eller fysiske produkt.

Det er inga begrensing på kor mange produkt du kan legge til i ein Squarespace-butikk. Designet er lekkert og inspirerande, som alltid med Squarespace. Så slå deg laus med rike og kreative produktskildringar, inkluder engasjerande videoar, gode produktbilde og vis fram relaterte produkt.

Ved å utnytte bruken av kategoriar og katalogar, gjer du det enkelt for kundane dine å finne fram i butikken din. Del produkta dine med enkle klikk til blogginnlegg, e-postkampanjar og sosiale medium.

Administrasjonspanelet er oversiktleg, og her har du full kontroll på produkta dine og varelageret ditt. Du kan planlegge produktlanseringar fram i tid og automatisere varsel for varer som snart er utselde.

Squarespace-butikken koplar du enkelt opp mot betalingsløysingane Stripe eller PayPal. Vipps eller Klarna kan dessverre ikkje brukast per i dag.

Timeavtalar, gruppetimar, kurs og klasser

Skjermdump av avtalekalender laga i Squarespace Scheduling.

Skjermdump av avtalekalender laga i Squarespace Scheduling.

Avtaleverktøyet Squarespace Scheduling gjer det superenkelt å ta imot individuelle timebestillingar, klassepåmeldingar og å avtale nettmøte. Du kan legge ut ledige timar i kalenderen din, og kundane dine kan finne ledige timar, gruppetimar, kurs og klasser og bestille sjølve. Sjølv treng du ikkje løfte ein finger (eller ein telefon).

Sjølv har eg kopla Scheduling saman med Zoom-kontoen min. På denne måten kan kundane finne ledig tid og bestille ein gratis videosamtale med meg, direkte frå nettsida mi.

Eg har valt å be kundane mine må svare på nokre få spørsmål i løpet av bestillinga. På denne måten kan både kunden og eg kome godt budde til videosamtalen.

Eg får automatisk kopi av bestillingane, inkludert svara på iinntaks-spørsmåla, på e-post. I tillegg blir avtalane synkroniserte til jobbkalenderen min.

Systemet lar deg også opne for at kundane dine kan gå inn og endre eller kansellere avtalar, så nær opp mot avtalen som du tillet. Du kan også krevje inn betalinga for timen på førehand. Begge deler sparar deg for masse tid og aukar truleg oppmøteraten til avtalane dine.

Automatiserte timebekreftingar og påminningar, og høve til å sende ut oppfølgings-epostar, gjer også kundeoppfølginga enklare og meir effektiv.

Billettar til arrangement

Skjermdump: Døme på arrangementskalender laga i Squarespace

Skjermdump: Døme på arrangementskalender laga i Squarespace

Ved å kombinere den innebygde arrangement-funksjonen med anten nettbutikkverktøyet eller avtaleverktøyet i Squarespace, har du alt du treng for å selje billettar til arrangementa dine.

Deler du arrangementskalenderen din på nettsida, kan kundane enkelt finne og lese om aktuelle arrangement, bestille plass og betale med nokre få klikk.

Medlemsområde

Squarespace Member Area lar deg legge eksklusivt innhald bak ein betalingsmur, slik at berre kundar med eigen medlemskonto, får tilgang.

Eg har inkludert slike medlemsområde i fleire av mine produktpakkar. Bak “muren” legg eg til dømes ut opplæringsvideoar, manualar, malar og sjekklister. Kundane mine kan logge seg inn når dei måtte trenge det og så lenge medlemsskapen er gjeldande.

Innanfor medlemsområdet bygger du opp ein heilt separat sidestruktur, åtskilt og skjult frå resten av nettsida di.

Medlemsområde kan brukast til å selje alt frå kurs og seminar til musikk og videoinnhald. Eller du kan gjere som meg, og bruke det som ein ressursbank for ei utvald kundegruppe.

Det er også mogeleg å ha gratis medlemsskap, noko som gjer medlemsområde passande også for frivillige organisasjonar, interessegrupper eller andre felleskap.

3. Køyr e-postkampanjar rett frå nettsida

E-postmarknadsføring er ein av dei mest kostnadseffektive måtane å bygge tillit og truverde på, slik at du, i neste omgang, kan selje varene og tenestene dine til kundegruppa di. 

Med Squarespace kan du setje opp e-postkampanjar direkte frå administrasjonspanelet på sida di. Her hentar du inn sidestilar, produkt og blogginnlegg frå nettsida di med nokre få klikk.  

Squarespace Email Campaigns er ikkje av dei mest avanserte e-postverktøya på marknaden, men den direkte koplinga mot innhaldet ditt, gjer marknadsføringsjobben uforskamma enkel!

For tida greier eg meg godt med dette verktøyet. Her er det eg brukar e-postverktøyet mitt til:  

  • Det lar meg bygge og halde orden i e-postlista mi. (Eg har forresten fleire lister.)

  • Eg kan importere, eksportere og segmentere listene mine.

  • Eg lagar mine eigne malar og kan kopiere e-postar eg allereie har sendt, noko som sparar meg for tid og arbeid.

  • Eg kan enkelt dele verdifullt innhald (som blogginnlegg) til lista mi.

  • Eg sender ut automatiserte e-postar, både enkeltvis og i sekvensar.

  • Eg planlegg e-postsendingar fram i tid.

  • Eg kan enkelt følgje med på effektane av marknadsføringa mi.

4. Skap synlegheit og trafikk

For at nettsida di skal fungere som ein salskanal for bedrifta di, må du få folk til å kome på nettssidebesøk til deg. Det er fleire måtar å gjere dette på, og du bør jobbe med fleire av desse tiltaka samtidig.

Søkemotoroptimalisering (SEO)

Enkelt sagt bør du optimalisere alt innhaldet du legg inn på sida di, slik at det blir godt synleg for dei som leitar på nettet etter det du kan tilby. Det vil til dømes seie at du må skrive gode nettsideskildringar, sidetitlar, eigendefinerte URL-ar og bildetekstar. Bruk ord og utrykk som er i bruk av målgruppa di. Squarespace allereie har innebygde funksjonar, som hjelper deg med dette, i tillegg til søkevennleg formatering, responsivt design, nettstadskart (sitemap) og andre nøkkelelement.

Innhaldsmarknadsføring

Har du muligheit til å drive ein fagblogg på sida di, kan dette hjelpe deg å klatre på resultatlista til søkemotorane. Google og andre søketenester er glad i sider som oppdaterer innhaldet sitt jamt og trutt, og kundane dine set pris på bedrifter som deler verdifull kunnskap, skapar tryggheit og inspirerer. Ved å bruke e-postverktøyet i Squarespace til å bygge e-postlister, og kople saman nettsida di med kontoane dine i sosiale medium, kan du enkelt dele innhaldet vidare til potensielle kundar.

Betalt marknadsføring

Dei fleste vil ha god effekt av betalt annonsering, og eg vil anbefale at du testar ut dette forsiktig, anten i sosiale medium, Google Ads eller på andre plattformer der kundane dine er. Følg nøye med på nettsidestatistikken din, og juster ut frå erfaring og effekt.

Bruk gjerne eit byrå til å gjere ein del av denne jobben for deg. Eg er så takknemleg for at det finst folk som verkeleg elskar å nerde med slike ting som annonsering. Eg må sjølv leige inn hjelp til dette, men ta gjerne kontakt, om du vil ha anbefalingar.

Lukke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 27.08.2021
Monika Haanes Waagan, Akka Tekst


Foto: Natalie Gushchina

Foto: Natalie Gushchina

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Kva kundebehov skal nettsida di dekke?

Next
Next

Om målgrupper og kjærleik. (Eller: Slik definerer du målgruppa di.)