Akka AS | Nettsider og nettsidekurs

View Original

Er du på jakt etter eit online bestillingssystem?

Tidsbruk: ☕

Er du coach, konsulent, behandlar, kurshaldar, PT eller yogalærar? Avtaleverktøyet Squarespace Scheduling har alt du treng for å forenkle og effektivisere bestillingssystemet ditt. Scheduling passar til planlegging av alt frå videokonsultasjonar til gruppetimar, kurs og arrangement.

See this content in the original post

Med avtalekalenderen din tilgjengeleg på nettsida di, kan kundane enkelt gå inn for å finne ledig tid og fullføre bistillinga. Dei treng ikkje å ringe deg i opningstida, og du treng ikkje å bli avbroten i arbeidet ditt. Alt går av seg sjølv.

See this content in the original post

Ved å la systemet sende ut automatiske bekreftingar og påminningar, vil du kunne oppleve at færre lar vere å møte opp til timeavtalane sine. Du kn også opne for at kundane kan kansellere eller endre tidspunkt for avtalane sine, så nær opp mot avtalen som du tillet.

See this content in the original post

Unngå å bruke opp dyrebar klient-tid på formalitetar. Sceduling lar deg legge til inntaksskjema som kundane dine fyller ut ved påmelding. Her kan du samle inn nødvendige kundeopplysningar eller stille spørsmål som hjelper begge partar å førebu seg til timeavtalen.

Les også: Sal av produkt og tenester i Squarepace

Foto: Canva

See this content in the original post

Scheduling kan koplast opp mot betalingsløysingane Stripe og PayPal, slik at kundane kan betale for timen sin på førehand. Vipps eller Klarna kan dessverre ikkje brukast per i dag.

See this content in the original post

Systemet varslar deg med det same ein ny avtale er bestilt, og du kan enkelt setje opp synkronisering med kalenderen du allereie brukar, som Google, Outlook, iCloud eller Office 365.

See this content in the original post

Ved å kople Sceduling mot t.d. Zoom, kan du ta imot påmeldingar til videokonsultasjonar, videomøte eller digitale kurs. Kundane vil få Zoom-linken tilsend automatisk.

Foto: Canva

Foto: Canva

See this content in the original post

Squarespace tilbyr tre ulike Scheduling-abonnement: Emerging, Growing eller Powerhouse. Les meir om innhaldet og prisane for dei ulike abonnementa her.

Vil du ha hjelp til å setje opp Scheduling på Squarespace-sida di?

Bestill ein gratis videosamtale, så kan vi saman finne ut kva løysing som passar best for deg.


Dette innlegget vart første gang publisert 7. april 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.