Angrerett for privatpersonar

I tråd med vanlig praksis er det ikkje angrerett for bedrifter. Dersom du har eit organisasjonsnummer, blir du å rekne som bedrift.

Frist

Du har rett til å angre kjøpet ditt eller gå ifrå kjøpsavtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter kjøpsavtalen vart gjort.

Slik angrar du

For å kunne bruke angreretten må du opplyse Akka AS på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen. Du kan til dømes sende ein e-post til monika@akkatekst.no, eller du kan fylle ut og sende inn Akka AS sitt digitale angreskjema. Du finn skjemaet nederst på denne sida.

For å overhalde angrefristen er det nok at du sender ei melding om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.

Verknadene av å bruke angreretten

Dersom du går ifrå kjøpsavtalen, skal Akka AS betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg for produktet eller tenesta. Betalinga skal skje utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen Akka AS fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Akka AS gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre vi uttrykkeleg har avtala noko anna. I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følge av tilbakebetalinga.

Sletting av digitale produkt

Du må slette digitale produkt du har motteke frå oss, utan unødig opphald. Akka AS kan halde tilbake tilbakebetalinga til du har lagt fram dokumentasjon på at dei digitale produkta er sletta. Du må returnere varene eller levere dei til oss, utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen du sende oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Du har overhalde fristen dersom du slettar produkta før fristen på 14 dagar har gått ut.


Angreskjema

Fyll ut og send angreskjemaet digitalt, dersom du ønsker å gå ifrå avtalen. Eg sender deg straks ein e-post som bevis på at eg har motteke angreskjemaet.