Sals- og bruksvilkår

Generelt

Nettsida www.akka-as.no er eigd og drifta av Akka AS. For deg som er kunde av Akka AS gjeld vilkåra og føresetnadene som er lista under, i tillegg til personvernerklæringa og andre særvilkår som gjeld for kjøp og bruk av spesifikke produkt og tenester frå Akka AS.

Immaterielle rettar

Denne nettsida og alt materialet som er tilgjengeleg på nettsida tilhøyrer Akka AS og er beskytta mot misbruk av lov om opphavsrett (åndsverklova) lov om beskyttelse av varemerker (varemerkelova).

Ingen delar av denne nettsida, tekstar, produkt, kursinnhald eller tenester, må difor kopierast, endrast, seljast eller brukast, utan uttrykkelig løyve frå Akka AS.

Du er likevel velkomen til å referere til eller peike til innhald på denne sida, anten frå di eiga nettside eller frå kontoane dine på sosiale medium. Vilkåret er at det kjem tydeleg fram at denne nettsida er kjelda til innhaldet.

Eventuelle brot på desse reglane vil føre til krav om fjerning, erstatning og/eller melding til politiet.

Om du meiner at din eigen opphavsrett er krenka av Akka AS, kan du melde frå om dette til monika@akka-as.no.

Valuta

Alle sal blir fakturerte i norske kroner.

Informasjonskapslar (Cookies)

Her kan du lese om bruken av informasjonskapslar på denne nettsida.

Personvern

Her kan du lese om personvern i Akka AS.

Salsvilkår

Påmelding til og avmelding frå kurs i regi av Akka AS

Digitale kurs
Kjøp av digitale kurs er bindande. Kjøp av digitale kurs med fastsett start- og sluttdato kan skje fram til kursstart, om ikkje anna er sagt. Påmeldinga er personleg, så om du vil gi plassen din til ein annan, eller dersom du vil ta kurset saman med ein annan person, må du kontakte meg først for å sjekke om dette er greitt. Dersom fleire skal ta kurset saman, vil dette normalt innebere eit tillegg i pris, men ikkje alltid. Ta kontakt på monika@akka-as.no, så finn vi ut av det.

Fysiske kurs
Påmeldinga til opne fysiske kurs i regia av Akka AS er bindande og kan skje fram til kursstart, om ikkje anna er sagt. Påmeldinga er personleg, så om du vil gi plassen din til ein annan, må du kontakte meg først for å sjekke om dette er greitt. Fysiske kurs som er bestilte og arrangerte av ei bedrift eller ein organisasjon, har eigne påmeldingsvilkår. Ta kontakt på monika@akka-as.no for å gjere avtale.

Endring og avlysing av kurs
Akka tek atterhald om endringar eller avlysingar som skuldast forhold utanfor Akka sin kontroll, slik som eigen sjukdom eller sjukdom i nær familie, hendingar grunna vêr, føre, pandemiar, naturkatastrofer eller krig/terror.

Sjukdom hos kunde eller andre forhold hos kunde gir ikkje grunn til refusjon av deltakeravgifta.

Retten til å avvise av kursdeltakarar

Akka AS sine kurs, produkt og tenester passar ikkje for alle. Akka AS har rett til å avmelde deltakarar som sjølv har meldt seg på eit kurs, kjøpt eit produkt eller ei anna teneste av Akka AS. Avmeldinga kan skje utan vidare grunngjeving. I slike tilfelle vil heile det innbetalte beløpet for kurset, produktet eller tenesta bli refundert.

Angrerett og refusjonar ved kjøp av kurs, nettsidepakkar og digitale nettsidemalar

I tråd med vanlig praksis er det ikkje angrerett for bedrifter. Dersom du har eit organisasjonsnummer, blir du å rekne som bedrift.

Påmeldingar og bestillingar er bindande og ikkje refunderbare. Dersom det skulle inntreffe sjukdom, for få påmeldingar eller andre hendingar utanfor Akka sin kontroll, kan heile eller deler av kurset eller samarbeidet avlysast eller flyttast.

Sjukdom hos kunde eller andre forhold hos kunde gir ikkje grunn til refusjon.

Alle kurs, nettsidepakkar og malar må betalast på forskot, om ikkje anna er avtalt. Dersom du ikkje oppfyller betalingsplikta di, vil du bli utestengd. Du vil miste tilgangen din til kursinnhaldet eller medlemsområdet. Digitale produkt må slettast utan unødig opphald.

Angrerett og refusjonar for privatpersonar

Frist

Du har rett til å angre kjøpet ditt eller gå ifrå kjøpsavtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at kjøpsavtalen vart gjort.

Slik angrar du

For å kunne bruke angreretten må du opplyse Akka AS på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen. Du kan til dømes sende ein e-post til monika@akkatekst.no, eller du kan fylle ut og sende inn Akka AS sitt digitale angreskjema. Du finn skjemaet her.

For å overhalde angrefristen er det nok at du sender ei melding om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.

Tilbakebetaling

Dersom du går ifrå kjøpsavtalen, skal Akka AS betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg for produktet eller tenesta. Betalinga skal skje utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen Akka AS fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Akka AS gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre vi uttrykkeleg har avtala noko anna. I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følge av tilbakebetalinga.

Sletting av digitale produkt

Du må slette digitale produkt du har motteke frå oss, utan unødig opphald. Akka AS kan halde tilbake tilbakebetalinga til du har lagt fram dokumentasjon på at dei digitale produkta er sletta. Du må returnere varene eller levere dei til oss, utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen du sende oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Du har overhalde fristen dersom du slettar produkta før fristen på 14 dagar har gått ut.

Rutinar for innkrevjing

Krav som ikkje er betalte innan fristen, vil kunne gå til inkasso. Du vil då først få eit inkassovarsel med ny betalingsfrist. Om heller ikkje dette kravet ikkje blir betalt, vil kravet bli overført til inkasso. Renter og gebyr etter forfall blir utrekna i tråd med gjeldande lovverk.

Betalingsproblem

Om du skulle få betalingsproblem, må du kontakte Akka AS så snart du kan. Dette aukar sjansen for å kome fram til ein avtale om utsetjing eller nedbetaling.

Kontaktinformasjon

E-post: monika@akka-as.no