Om Akka

Akka hjelper deg å bygge nettsida du drøymer om, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å hjelpe kundane dine og tene pengar på det du brenn for.

 
Portrett av Monika Haanes Waagan

Foto: Natalie Gushchina

Eg er Monika Haanes Waagan, dagleg leiar, nynorskdame, nettsidementor og kursinstruktør i Akka AS.

Gjennom Akka AS, og tidlegare Akka Tekst, har eg levert tekstforfattar-, webredaktør- og andre nettsidetenester til små og mellomstore bedrifter sidan 2011.

Eg har spesialisert meg på nynorsk som bedriftsspråk og driv no eit byrå som kjenner dei nynorske problemstillingane innanfrå.

Squarespace er ei plattform som passar perfekt for oss som startar i det små, men som har store og hårete mål.

Squarespace er yndlingsverktøyet mitt, og det er dette eg brukar, både når eg bygger nettsider og held kurs i nettsidebygging.

Som medlem i Squarespace Circle held eg meg inspirert og oppdatert på det siste frå Squarespace.

Eg kan anten bygge nettsida for deg, hjelpe deg undervegs i prosessen eller lære deg korleis du kan bygge sida di sjølv.

Det er opp til deg.

Portrett av Monika Haanes Waagan

Foto: Natalie Gushchina

Som aktiv måldame er eg optimistisk forkjempar for meir nynorsk på alle samfunnsområde.

Eg brenn for at du skal kunne vere deg sjølv og bruke språket ditt – også når du marknadsfører deg digitalt.

Er du min neste kule kunde? Bestill tid for ein hyggeleg, uforpliktande og gratis video-samtale om nettsideprosjektet ditt.

Monika Haanes Waagan, gatebilde

Foto Natalie Gushchina

“Om du elskar det du gjer, treng du aldri meir å arbeide”

— Confucius

  • Hotel Union Geiranger

    Det har alltid vore kjekt å samarbeide med Monika. Ho er samvitsfull og nøyaktig, og ho leverte alltid etter avtale. Monika er lett å kommunisere med og har ein unik kompetanse og interesse for nynorsk digital marknadsføring.

    – Monja M. Mjelva, Hotel Union Geiranger

  • MAFOSS

    Vi fekk god hjelp med Akka i planlegginga av innhaldet til heimesida vår og bruken av andre kanalar for å nå fram til målgruppene våre. Vi opplevde hjelpa som svært god og målretta. Vi anbefaler gjerne Akka til andre i vår bransje.

    – Jan Thormodsæter, MAFOSS

  • Nedreskodje gard

    Monika er strukturert og grundig, så samarbeidet fungerte godt, med god progresjon i arbeidet, effektiv jobbing og god kommunikasjon. Det mest positive med Akka har vore samspelet. Samarbeidet med Akka har vore utfordrande, utviklande og «steikje bra»!

    – Bjørn Nedreskodje, Nedreskodje gard