Personvern i Akka AS

1. Generell informasjon

Eigar av denne nettsida er: Akka AS, Stålhaugen 9, 6065 Ulsteinvik.
Tlf.: 416 32 439 / E-post: monika@akka-as.no / Org. nr.: NO 927 389 320 MVA

Personvernet ditt er viktig for Akka AS. Difor vil eg aldri misbruke opplysningane du gir til Akka AS, anten du er betalande kunde, e-postabonnent eller berre ein besøkande til denne nettsida. Eg oppbevarer opplysningane om deg på ein trygg og respektfull måte, og vil aldri selje eller gi e-postlister vidare til andre firma.

Med personopplysningar meiner eg opplysningar eller vurderingar som kan knyttast til deg som enkeltperson. Ved å bruke produkta og tenestene eg tilbyr i Akka AS, kan det hende at eg ber deg dele personopplysningar med meg.

Dette kan til dømes vere når du fyller inn kontaktopplysningar i eit kontaktskjema, sender meg ein e-post, eller når du skal signere ei kontrakt med Akka AS.

2. Kvifor samlar eg inn personopplysningar?

For at Akka AS skal kunne opprette eit kundeforhold til deg, treng eg nokre personopplysningar om deg. Eg samlar berre inn dei person­opplysningane som eg meiner er heilt nødvendige. Som oftast er dette namnet ditt og kontaktinformasjonen din, slik som telefonnummer og e-postadresse. Dette treng eg for å kunne kommunisere med deg i løpet av kundeforholdet vårt.

3. Korleis behandlar eg personopplysningane?

Eg behandlar personopplysningane dine konfidensielt, og eg deler aldri personopplysningane med nokon andre tredjepartar, med mindre dette er avtalt med deg eller lovpålagt.

Eg tek vare på opplysningane dine så lenge det er hensiktsmessig for kundeforholdet vårt.

4. Kontaktskjema

Nettsida mi har fleire kontaktskjema, som du kan bruke for å ta kontakt. Informasjonsfelta som er obligatoriske er merka med stjerne (*). Desse er nødvendige for at eg skal kunne svare på meldinga di på ein god måte. Dei andre felta, som ikkje er obligatoriske, treng du ikkje å fylle inn. Når du sender inn eit kontaktskjema, lagrar eg informasjonen i kundesystemet mitt.

Om du ikkje vil bruke kontaktskjema, kan du i staden sende meg ein e-post til monika@akka-as.no.

5. Informasjonskapslar (Cookies)

Denne nettsida brukar informasjons­kapslar for å samle inn informasjon. Dette inkluderer informasjon om besøkstrafikken til dei som besøker dei ulike sidene. Meir informasjon om bruken av informasjonskapslar finn du her.

6. Sporing av besøkande

Eg brukar berre tredjepartar som eg stolar på, når eg hentar inn informasjon om aktiviteten på nettsida mi. Informasjonen eg hentar inn, brukar eg til å tilpasse og forbetre innhaldet på nettsida, slik at du og andre som besøker sida får størst mulig nytte av opphaldet.

6.1 Squarespace

Nettsida er bygd og lagra av Squarespace. Squarespace sine informasjonskapslar blir brukte til å måle trafikken på nettsiden mi. Squarespace brukar også informasjonskpslar som er nødvendige for at systema skal fungere optimalt. Les meir om brukarvilkår og personvern hos Squarespace.

6.2 Google Analytics

Nettsida mi brukar Google Analytics for å samle informasjon om korleis du og andre besøkande brukar sida mi. Ut frå dette prøvar eg å forstå korleis eg heile tida kan forbetre brukaropplevinga.

Google Analytics samlar inn IP-adressa di, når du besøker nettsida. Namnet ditt, eller anna informasjon som kan identifisere deg, blir ikkje samla inn av Google Analytics. Google Analytics plasserer ein informasjonskapsel i nettlesaren din, for å kjenne deg att neste gong du besøker sida. Denne kapselen kan ikkje brukast av andre enn Google.

Les meir om korleis Google samlar inn og brukar informasjonen frå nettsider.

Her kan du lese korleis du hindrar Google i å bruke informasjonen om deg.

6.3 Facebook

Nettsida brukar ein såkalla Facebook-piksel for å spore om besøkstrafikken kjem frå ei Facebook-annonse. Dette gjer det mulig å måle om Facebook-annonsane som er knytte til denne nettsida har effekt. Informasjonen nettsida får herifrå er anonym og inneheld ikkje personopplysningar for enkeltpersonar. Facebook nyttar informasjon om deg til eigne marknadsførings­kampanjar, slik dei opplyser om i retningslinene sine.

Du kan endre Facebook-instillingane dine her, for å hindre Facebook i å bruke slik informasjon om deg.

7. Innsyn, retting og sletting

Du har rett til innsyn, retting og sletting av data eg har lagra om deg. Du kan når som helst kontakte meg for å få ordna dette: monika@akka-as.no.

8. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar, Monika Haanes Waagan er ansvarleg for behandling av personopplysningar i Akka AS. Dette inneber ansvar for at det blir gjennomført internkontrollar av korleis personopplysningane blir behandla, og at eventuelle avvik frå lova blir melde inn og retta. Kontaktinformasjon til ansvarleg databehandlar: monika@akka-as.no / 416 32 439