Les dette FØR du vel namn til bedrifta og nettsida di!

Tidsbruk: ☕

Kva reglar og råd gjeld for bedriftsnamn, og kva er godt namnevett for norske bedrifter? I dette blogginnlegget får du ei oversikt over kva du bør tenke på og sjekke ut før du bestemmer deg.

Les dette blogginnlegget før du vel namn til bedrifta og nettsida di! Foto: Canva

Les dette blogginnlegget før du vel namn til bedrifta og nettsida di!
Foto: Canva

1. Fette Reint – eller kanskje ikkje?

– Terskelen for å nekte eit foretaksnamn er høg, og det er sjeldan ein gjer det, sa Øyvind Vågan i Brønnøysundregistrera til NRK Troms og Finnmark 8. februar 2021. Uttalen kom i samband med at “Fette Reint AS” nett hadde blitt avvist som namn på eit nytt agenturfirma for vaskemiddel.

Brønnøsundregistera grunngir avgjerda si i § 2-5 i føretaksnamnelova: “Et foretaksnavn må ikke stride mot lov eller være egnet til å vekke forargelse.”

I følge Brønnøysundregistera var det utslagsgivande her at ordet «fette» er rekna som grovt og diskriminerande, fordi opphavet er ei kjønnsnemning. Og sjølv om gründeren sjølv, Andreas Eriksen, hevda at dette var “fette uakseptabelt”, såg det lenge ut til at avgjerda skulle bli ståande.

Men Andreas Eriksen gav seg ikkje, og han tok opp kampen for å behalde bedriftsnamnet. 23. august 2021 kunne NRK melde at Eriksen hadde motteke eit sju sider langt vedtak frå Næringsdepartementet. I vedtaket drøftar departementet i kva grad ordet fette er eit kjønnsorgan, og om det er eit støtande ord.

Departet skriv, ifølge NRK, at: ”Hva som er den rådende, alminnelige moral- og samfunnsoppfatning er ikke en fast, objektiv standard”.

Vedtaket konkluderer til slutt med at avslaget frå Brønnøysundregistera skal forkastast, og at bedrifta likevel kan registrere Fette Reint AS som firmanamn.

2. Reglar for bedriftsnamn

Det er med andre ord ikkje fritt fram for kreative krumspring og humoristisk hurlumhei på dette området. Her kjem dei viktigaste reglane du må rette deg etter, når du skal finne namn til bedrifta di.

Reglane er regulerte av føretaksnamnelova, som du finn her.

⚠️ Vel eit unikt namn

Namnet på bedrifta di må ikkje vere identisk med eit anna bedriftsnamn, om du då ikkje har fått eige løyve frå denne bedrifta.

⚠️ Bruk minst 3 norske bokstavar

Namnet på bedrifta di må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet.

⚠️ Ikkje bruk stadnamn åleine

Bedrifta di kan ikkje heite det same som eit land, eit fylke eller ein kommune.

⚠️ Sjekk visse ord og titlar

Enkelte særlover set avgrensingar på retten til å bruke bestemde omgrep (som t.d. bank eller apotek) og titlar (som t.d. advokat eller meister).

⚠️ Ta med namnet ditt om du har enkeltpersonsføretak (ENK)

Namn på enkeltpersonføretak skal minst innehalde etternamnet til eigaren.

⚠️ “Aksjeselskap” eller “AS” skal med for aksjeselskap

Namn på aksjeselskap skal innehalde ordet aksjeselskap eller forkortinga AS.

⚠️ Ikkje prøv å lure nokon

Namnet må ikkje vere eigna til å villeie.

⚠️ Ikkje provoser andre

Bedriftsnamnet må ikkje vere lovstridig eller vere eigna til å vekke forarging.

⚠️ Du skal ikkje stele

Hald deg unna andre sitt namn, kunstnarnamn, åndsverk eller namn på andre sin faste eigedom.

Kjelder: altinn.no og lovdata.no

3. Nokre tips til val av bedriftsnamn

💡 Vurder eit skildrande namn, om du vil at namnet skal vere informativt og gi tydelege assosiasjonar til kva du driv med og kven du er.

Ulemper med skildrande namn er at det kan bli vanskeleg å skilje seg ut, om det er bedriftsnamn som liknar kvarandre innan same bransje. Begge dei fiktive bedriftene “Vik Elektrosørvis AS” og “Vik Elektroservice AS” kan i teorien halde til i Vik, nokos om vil kunne skape forvirring.

Det kan også vere ei ulempe med skildrande namn, dersom du seinare vil gjere endringar i bedrifta, som gjer at namnet ikkje lenger er like dekkande. Den fiktive frisørsalongen “Vik herrefrisør” vil kanskje utvide med tilbod om dameklipp ein gong i framtida.

💡 Om du vel eit abstrakt namn, vil du få eit namn som gjer deg meir unik.

Eit abstrakt namn vil samtidig krevje litt meir av deg som marknadsførar. Når namnet ikkje avslører kva du driv med, må du sørge for dette på andre måtar. Det greier du, sjølvsagt! Døme på andre som har fått det til, er IKEA, SAS, Kiwi og Tine.

💡 Vurder å bruke eit marknadsføringsnamn i tillegg til namnet på sjølve verksemda.

Det er fullt mulig å registrere eitt juridisk namn på verksemda og samtidig bruke eit anna namn når du marknadsfører deg. Marknadsføringsnamnet kan du til dømes bruke på skilt, logo og som domenenamn. Det fiktive “Anne Vik damekonfeksjon AS” kan altså bruke eit namn som “Dameloftet” som marknadsføringsnamn.

💡 Hugs å registrere marknadsføringsnamnet ditt, om du vel denne løysinga.

Dette kan du gjere når du registrerer føretaket eller i ettertid. Men sjølv om du har registrert til dømes “Dameloftet” som marknadsføringsnamn, kan andre bruke dette som føretaksnamn. For å vere heilt sikker på at ingen stikk av med “Dameloftet”, bør du difor registrere det som føretaksnamn eller varemerke.

Kjelde: altinn.no

4. Godt namnevett

Vurder namne-ideane dine opp mot Språkrådet sine kriterium for godt namnevett. Sjekk at du held deg til desse gode råda:

  • Unngå utenlandske namn (Vik fotpleie heller enn Vik Footcare)

  • Følg skrivereglane (Annes frisør er lov. Anne’s frisør er niks, nei, fy, fysj, ikkje lov!) Les kva Språkrådet seier om bruk av s-genitiv på nynorsk her.

  • Hent ord og vendingar frå lokal tradisjon

    (“Oss tållåst Kaffebar” i Oppdal og kafeen “Fole Godt” i Molde er døme på dette)

  • La den poetiske krafta i morsmålet få spelerom

  • Bruk fantasi, vett – og gjerne humor

Språkrådet deler ut diplom for godt namnevett.

Språkrådet deler ut diplom for godt namnevett.

5. Sjekkliste for namneval

På navnesok.no kan du sjekke domenenamn, føretaksnamn og varemerke – alt i eitt søk.Foto: Canva

På navnesok.no kan du sjekke domenenamn, føretaksnamn og varemerke – alt i eitt søk.

Foto: Canva

Bruk godt namnevett

Skriv nynorsk, følg skrivereglane og ver kreativ! 💚

Sjekk at namnet er ledig

Bruk tenesta navnesok.no. Her kan du sjekke om namnet er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke – alt i eitt søk.

Registrer domenet før du registrerer føretaket (VIKTIG!)

Det er lurt å sikre seg domenenamnet før du registrerer føretaksnamnet. Slik unngår du at dei som eventuelt følgjer med på nyregistreringar i Brønnøysindregistra snappar domenet før deg, for å kunne selje det til deg (dyrt) etterpå.

I denne bloggposten forklarer eg korleis du bestiller domenenamn.

Registrer firmaet i Brønnøysund

Registreringa går føre seg via altinn.no. Det er ulike registreringsmåtar for ulike bedriftstypar, og du vil finne all informasjonen du treng på altinn.no.

Enkeltpersonsføretak (ENK): Informasjon frå altinn.no om å starte og registrere enkeltpersonsføretak.

Aksjeselskap (AS): Informasjon frå altinn.no om å starte aksjeselskap (AS).

Sikre deg retten til namnet ved å registrere det som varemerke

Det er eigne krav for kva namn som kan registrerast som varemerke. Det må til dømes ha særpreg, det kan ikkje vere til forveksling likt andre registrerte varemerke, ikkje vere villeiande, moralstridig eller misbruke offentlege symbol.

Les meir om registrering av varemerke på patenstyret.no.

Lukke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 3. august 2021 og oppdatert 12. desember 2021.
Monika Haanes Waagan, Akka AS


Portrett13 Monika Haanes Waagan Foto Natalie Gushchina.jpg
Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Slik testar du om Squarespace 7.1 passar for deg