Nettside på budsjett?

 
Ung kvinne som gjennomfører nettkurs

Foto: Unsplash

Å bygge nettsida di sjølv kan spare deg for mange utgifter, men korleis går du fram for å lykkast? Kurspakken Ekspress+ er utvikla for deg som ønsker deg ei profesjonell og moderne nettside som er enkel å administrere. I instruksjonsvideoane tek vi utgangspunkt i nettsidemalen som høyrer med, og du lærer alt du treng for å bygge og publisere di eiga draumenettside i Squarespace. Du får ei side med responsivt design, innebygd webhotell og tilgang til engelskspråkleg support 24/7 – for å nemne noko. Sida kan du bygge ut seinare – i ein eller fleire etappar – med alle Squarespace sine tilleggsfunksjonar.

Kurs og nettsidemal i ein pakke

Demosida eg brukar i instruksjonsvideoane, er identisk med nettsidemalen din.

Squarespace Ekspress+ inneheld to hovudelement:

  • Eit digitalt sjølvbyggarkurs

  • Ein nettsidemal

Og for å gjere det enklast mulig for deg som er nynorskbrukar, er nettsidemalen ferdig koda med nynorske språkkodar. Sidemalen inneheld 7 undersider: Heim (framside), Om oss, Bloggside, Blogginnlegg, Kontaktside, Produktside og ei 404-side. Alle undersidene har nynorske hjelpetekstar. Tekstane er meinte som ei hjelp til deg, når du skal lage innhaldet ditt. Alt det skriftlege kursinnhaldet er også på nynorsk.

Skriv du bokmål? Kontakt meg, så fjernar eg dei nynorske språkkodane i sidemalen for deg, utan ekstra kostnad. Dei nynorske hjelpetekstane blir ståande, men desse skal du uansett endre, anten du skriv nynorsk eller bokmål.

Demosida eg brukar i instruksjonsvideoane er identisk med nettsidemalen din. På denne måten vil det vere lett for deg å kjenne deg att, når du skal i gang med å bygge di eiga draumeside. I løpet av kurset vil du lære å tilpasse fargar, teksttypar, designelement, sidestruktur, tekst og bilde, slik at nettsida di blir heilt unik – og ulik alle andre.

5 modular, 20 leksjonar og mykje meir

Kurspakken Ekspress+ inneheld 5 kursmodular med i alt 20 leksjonar og 24 instruksjonsvideoar. I tillegg får du ein bonusleksjon, ei e-bok, fleire nyttige sjekklister, fleire gode rabattar og endå mykje meir. Under finn du litt informasjon om kvar modul.

  • I denne modulen lærer du å installere nettsidemalen din. Vi går igjennom nettsidemalen saman, og du får ein første introduksjon til Squarespace som publiseringsverktøy. Til slutt lærer du om dei ulike Squarespace-abonnementa du kan velje for den nye nettsida di.

  • I denne modulen lærer du korleis du tilpassar designet på sida di, slik at sida får eit visuelt uttrykk som passar deg og bedrifta di.

  • Denne modulen handlar om å tilpasse sidestrukturen og innhaldet ditt, slik at sida di blir slik du vil ha henne.

    Du lærer om ulike sidetypar, seksjonar og innhaldselement, du lærer å legge til og redigere innhald, og du får to verdifulle verktøy for å planlegge og produsere innhaldet ditt.

  • Denne modulen handlar om optimalisering av nettsida og nettsideinnhaldet ditt.

    Du får lære korleis du tilpassar innhaldet ditt til kundar og søkemotorar og sørger for at sida di fungerer best mulig – både teknisk og praktisk.

  • I denne modulen lærer du korleis du publiserer Squarespace-sida di på ditt innebygde Squarespace-domene, og korleis du deretter koplar denne sida til ditt eige no.-domene.

  • Arbeidet med nettsida er ikkje over, sjølv om nettsida er publisert. No skal sida haldast ved like, du skal legge inn nytt og relevant innhald, og du skal skape trafikk til sida, slik at ho kan fungere som ein god salskanal for bedrifta di.

    I bonusleksjonen har eg samla fleire nyttige ressursar og tips for vidare arbeid.

Foto: Unsplash

Foto: Unsplash

Ta kurset i ditt eige tempo

Kurset har ingen start- eller sluttdato, og du studerer når det passar for deg. Du har tilgang til kursinnhaldet i 12 månader, og du brukar så lang tid som du ønskar på å fullføre kurset. I denne perioden kan du hoppe fram og tilbake i kurset og gå igjennom innhaldet så mange gongar du vil.

Fleire fordelar

Utvida gratisperiode: Som kursdeltakar får du fleire av dei same fordelane som eg har, som Circle-medlem, og ein av desse er ei sterkt utvida prøveperiode hos Squrespace. Prøveperioden er normalt på 14 dagar, medan du no kan vente i 6 månader før du startar opp det betalte abonnementet ditt hos Squarespace.

20% rabatt hos Squarespace: Først etter at prøveperioden din er over, eller når sida di er klar for publisering, er det på tide å opprette eit betalt kundeforhold til Squarespace. Du må ha Squarespace-abonnementet “Business plan” eller høgare for å publisere sida di på nettet. Som kursdeltakar får du 20 % rabatt på det første årsabonnementet ditt. Her finn du gjeldande prisliste frå Squarespace.

Spørsmål og svar på e-post: Squarespace Ekspress+ har ikkje individuell oppfølging inkludert i kurspakken. Du kan likevel kontakte meg for enkle spørsmål. Om spørsmåla har relevans for fleire, sender eg ut den same informasjonen til alle som har kjøpt kurset. Hugs å krysse av for at du vil ha e-postar frå meg, om du vil ha desse oppdateringane.

50 % rabatt på videokonsultasjonar med meg: Målet mitt er at du skal lykkast med å bygginga av den nye nettsida di. Som kursdeltakar får du difor 50 % rabatt på videokonsultasjonar hos meg. Kanskje treng du litt praktisk hjelp eller ein pep-talk for å kome deg i mål?


Dette innlegget vart første gang publisert 14. oktober 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Vil du spare pengar på å bygge nettsida di sjølv?


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Har du ei målsetting for nettsida di?

Next
Next

Ny nettside for MAFOSS