Nettsidestrategien gir deg fokus og kontroll

I denne videoen snakkar eg om kva ein nettsidestrategi er, og korleis strategien heng saman med nettsidemåla dine.

Nettsidestrategi og nettsidemål

I videoen som handla om nettsidemål snakka eg om at du kan ha mange ulike mål for nettsida di. Nettsidestrategien har også med måla dine å gjere, og strategi og mål er fletta tett saman i kvarandre.

Foto: Unsplash

Kva er ein nettsidestrategi?

Ein nettsidestrategi er ei gjennomtenkt og skriftleg formulering om

  • kven du rettar deg mot

  • kva du skal oppnå

  • korleis du skal få dette til.

I praksis handlar strategiarbeidet om å ta nokre gjennomtenkte, og kanskje også litt vanskelege, val.

Få fokus og kontroll

Med ein god strategi blir det enklare å bygge ei nettside som faktisk hjelper deg å nå dei overordna måla til bedrifta eller organisasjonen din.

Strategien hjelper deg å halde fokus og kontroll og å velje vekk alt det som ikkje hjelper deg å nå måla dine.

  1. Vel kven du skal rette deg mot?

    Når du skal velje målgruppe, kan du ikkje sikte deg inn på alle. Slik unngår du å bomme på dei fleste.

  2. Bestem deg for kva du vil oppnå

    Her gjeld det å lage SMARTe mål, som er spesifikke (S), målbare (M), attraktive (A), relevante (R) og tidfesta (T).

  3. Bestem deg for korleis du vil nå måla dine

    Skriv ned korleis du har tenkt å få trafikk inn på nettsida, kva skal kundane dine gjere inne på nettsida, kva som skal skje i dei ulike fasane av kundereisa. Korleis skal dette bidra til at du når måla du har formulert i punkt 2?

3 avsnitt eller 300 sider

Eit strategidokument kan vere ei side med tre avsnitt eller eit stort dokument på fleire hundre sider. Er du liten eller ny i gamet, så gjer det enkelt. Ta heller fram strategidokumentet ditt ein gong i året. Då vil du ha fått erfaringar og skaffa deg kunnskap, slik at du lettare kan justere strategien og kanskje gjere han meir detaljert.

Lag strategien før du bygger sida

Det er smart å bruke god tid på strategien din, før du går i gang med bygginga av nettsida. Prøv difor å setje deg ned allereie no for å lage ei skisse til din nettsidestrategi.

Med god planlegging vil både bygginga og den daglege drifta av nettsida di seinare, bli både lettare og kjekkare.

Lykke til med å utforme strategien for nettsida di!

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Next
Next

Har du ei målsetting for nettsida di?