Ny nettside for Nedreskodje gard

www.nedreskodje.no

Nedreskodje gard trong ei meir profesjonell heimeside, med t.d. arrangements- og bestillingsfunksjon direkte på sida. Sidan vertskapet er opptekne av identitet og kulturell og historisk forankring, var det viktig at sida var på nynorsk. I tillegg ville dei nå eit større publikum og bli meir treffsikre mot målgruppa si.

– Monika har stor digital kompetanse og var til uvurderleg hjelp i bygginga av den nye heimesida vår.

Ho tok seg god tid til å definere behova våre. Monika er strukturert og grundig, så samarbeidet fungerte godt, med god progresjon i arbeidet, effektiv jobbing og god kommunikasjon.

Ho fekk oss også til å tenkje nye vegar med marknadsføring, ikkje minst måten vi kunne bruke digital annonsering og sosiale medium i marknadsføringa.

Det mest positive med Akka har vore samspelet, der dei gode spørsmåla tvinga fram gode svar og nye måtar å tenkje drift av Nedreskodje gard på. Monika var alltid godt førebudd til møta våre, og vi følte ho heile tida var eit hestehovud før oss.

Samarbeidet med Akka har vore utfordrande, utviklande og «steikje bra»!

— Bjørn Nedreskodje, Nedreskodje gard

Previous
Previous

Nettside for nystarta Nerderiket AS

Next
Next

Tekstforfattar og webredaktør for Hotel Union Geiranger