11 tips for bra bildebruk

 
Collage av bilde i ulike fargar og med ulike motiv. Illustrasjon laga i Canva.

Gode bilde og god bildebruk kan verkeleg løfte kvaliteten på nettsida di. Sida di kan få hjelp til å framstå penare, meir tilgjengeleg, pedagogisk og profesjonell.

Til gjengjeld kan dårlege bilde og uproff bildebruk gjere det motsette og øydelegge for innhald som elles er av god kvalitet.

I dette innlegget får du 11 tips til korleis du kan bruke bilde på ein god måte.

 

Tips 1: Hald deg til ein stil

Om du har ein fargeprofil, bør du halde deg til denne, også når det gjeld val av foto og illustrasjonar til nettsida. Du treng ikkje gjere det komplisert. Her er nokre forslag:

  • Bruk berre duse eller berre sterke fargar på nettsidene sine.

  • Bruk innslag av ein fast profilfarge i bilda på nettsida.

  • Bruk berre gyldne eller berre kjølige fargar.

  • Om du har ein nettbutikk, kan du ha ein fast profilfarge som bakgrunn på alle produkta dine.

  • Bruk innslag av to faste fargar frå fargepaletten din.

  • Bruk berre monokrome bilde eller bruk berre svart-kvite bilde.

Collage med foto med innslag av lilla. Laga i Canva.
Collage av foto med gyldne fargar. Laga i Canva
Collage av bilde med orange som bakgrunnsfarge. Laga i Canva.
Collage med monokrome foto i turkis. Laga i Canva

Døme på ulik fargebruk. Alle foto: Canva

 

Tips 2: hald deg til eitt uttrykk

Inntrykket frå ein tekst vil endre seg litt, ut frå korleis du illustrerer han. La oss seie at eg vil illustrere dette avsnittet med eit bilete av ein person som fotograferer. Det er sjølvsagt uendeleg mange måtar å gjere dette på.

Bileta under viser heilt ulike uttrykk: Eit folkeleg/naturleg uttrykk (mann med hettejakke som fotograferer i friluft) , eit meir glansa uttrykk (kvinne som poserer med kamera), eit teknisk uttrykk (nærbilde av kamera) og eit meir humoristisk uttrykk (mann med kamera som gjer ablegøyer mot fotografen).

Mann med hettejakke som fotograferer i friluft. Foto: John Shepherd / Canva

Mann med hettejakke som fotograferer i friluft. Foto: John Shepherd / Canva

Nærbilde av kamera. Foto: A_Pobedimskiy / Canva

Nærbilde av kamera. Foto: A_Pobedimskiy / Canva

Kvinne som poserer med kamera. Foto: @pressmaster / Canva

Kvinne som poserer med kamera. Foto: @pressmaster / Canva

Mann med kamera som gjer ablegøyer mot fotografen. Foto: @dean-drobot / Canva

Mann med kamera som gjer ablegøyer mot fotografen. Foto: @dean-drobot / Canva

Eit anna tips kan vere å halde deg til ein fotograf. Dette vil sannsynleg hjelpe deg å vere konsekvent, både når det gjeld stemning, fargebruk og stil. Prøv uansett å finn eit uttrykk som passar til deg og målgruppa di – og hald deg mest mulig til dette.

 

Tips 3: hald deg til eitt fast bildeforhold (breidd : høgd)

Skjermdump frå Squarespace. Viser redigering av bilde med ein frosk på eit blad.  Foto av frosk: @zmachacek / Unsplash

Skjermdump frå Squarespace. Viser redigering av bilde med ein frosk på eit blad.
Foto av frosk: @zmachacek / Unsplash

Bestem deg for eit fast forhold mellom breidd og høgd på bilda dine, og ver tru mot dette. Sida di vil verke mykje ryddigare på denne måten, enn om du plukkar bildeforhold i hytt og pine. I Squarespace er det svært enkelt å skjere til bilda etter at du har lagt dei inn på sida di. Eg anbefalar deg å bruke eitt av dei formata som Squarespace lar deg velje mellom:

  • Kvadratisk (1:1)

  • Ståande (2:3, 3:4, 4:5, 9:16)

  • Liggande (3:2, 4:3, 5:4, 16:9).

 

Tips 4: Bruk profesjonell fotograf om du kan

Har du muligheit til å bruke ein profesjonell fotograf til å bygge opp ein fotobank for nettsida di, vil eg absolutt anbefale deg å gjere det. Du vil då kunne få ei samling med unike bilde, der stilen, designet og fargeprofilen alltid er i tråd med merkevara di.

 

Tips 5: Utnytt Squarespace sin integrasjon med Unsplash (gratis) og Getty Images (betalt)

Når du leitar etter det perfekte bildet til nettsida di , men manglar tida, pengane eller kompetansen til å skaffe deg eit eige profesjonelt bilde, kan du ha stor nytte av bildebankar på nett.

Squarespace har ein eigen integrasjon med dei to digitale bildetenestene Unsplash og Getty Images. For å legge til eit bilde frå ein av desse leverandørane i Squarespace, klikkar du Image Search eller Search for Images. Deretter søker du i samlingane etter anten gratis (Free) eller betalte (Premium) bilde.

Her kan du lese Squarespace sine eigne råd for bruk av digitale bildebankar.

 

Tips 6: Sjekk ut andre gode bildebankar på nett

www.pixabay.com: Pixabay har meir enn 2.3 millionar bilde og videoar gratis tilgjengeleg for bruk. Det er enkelt å søke etter både fotografi, vektorar, illustrasjonar og videoar.

www.pexels.com: Pexels tilbyr også flotte bilde og videoar heilt gratis. Bilda finst berre i jpg-format, etter det eg har funne ut, men elles er utvalet enormt! Eg likar veldig godt at Pexels gir meg høve til å bygge opp mine eigne samlingar, der eg kan organisere favorittbilda mine i mine eigne kategoriar.

www.canva.com: Canva kan brukast både gratis og med abonnement. Det er eigentleg eit fantastisk og lett tilgjengeleg designverkty, men det har også fleire hundre tusen gratis bilde tilgjengeleg. Med eit Canva-abonnement, har du tilgang på meir enn 75 millionar bilde, videoar og illustrasjonar.

www.shutterstock.com: Shutterstock har heile 350 millionar bilde i samlinga si, i tillegg til videoar og musikk. Du kan kjøpe bilde i pakkar, eller gjennom abonnement. Ein bildepakke på 25 bilde kostar ca. 1550 kr.

Skjermdump frå Canva. Viser søk etter bilde av jordbær.  Foto av jordbær: Jessica Lewis

Skjermdump frå Canva. Viser søk etter bilde av jordbær.
Foto av jordbær: Jessica Lewis

 

Tips 7: Lagre bilda dine i rett format FØR du lastar dei inn

Gjer det til ein regel at du alltid lagrar bilda dine både i rett storleik og filformat, før du lastar dei inn på nettsida. Her kan du lese meir om korleis du lagrar bilda dine i rett storleik (KB), breidd (pikslar) og format.

 

Tips 8: Dropp å legge tekst på sjølve bildet (som hovudregel)

Om du vil ha tekst på eit bilde, bør du så langt det er mulig legge teksten som overlegg på bilda dine. I Squarespace heiter denne funksjonen overlay. Dette gjer teksten søkbar, og teksten vert synleg, sjølv om biletet vert krympa til ulike skjermar. Dersom du likevel må ha teksten inn på sjølve bildet, er det best å lagre det i PNG-format. Tekst i JPG-format blir ofte uklar når bildet blir komprimert. Ei PNG-fil vil halde seg skarpare, men ho vil ta mykje større plass.

 

Tips 9: Om bildetitlar, bildetekst og alt-tekst (alternativ bildetekst)

I Squarespace vil tittelen, eller eventuelt bildeteksten, fungere som alt-tekst, om du ikkje har lagt til alt-tekst på annan måte. Her finn du Squarespace si eiga forklaring på korleis du legg til alt-tekst i dei ulike bildealternativa på ei Squarespace-side.

Bildetitlar og alt-tekst fortel søkemotorane kva bildet handar om, noko som vil gjere det meir sannsynleg at det dukkar opp i søkeresultat. Den viktigaste funksjonen til alt-teksten, er likevel å forklare for brukarar som nyttar digital opplesing av sideinnhaldet, kva bildet inneheld. Hugs difor:

  • Skriv forklarande og ver hjelpsam. Korleis vil du skildre biletet for ein som ikkje ser det sjølv?

  • Hald teksten kort. Maks 10–12 ord.

  • Optimaliser teksten for søkmotorane, ved å bruke typiske søkeord, men ikkje overdriv.

  • Skriv vanlege, korte setningar. Unngå bindestrek som ordskilje.

Sandstrand ved havet med to tomme solstolar og ein parasoll.  Foto: @kmile_ch / Unsplash

Sandstrand ved havet med to tomme solstolar og ein parasoll.
Foto: @kmile_ch / Unsplash

 

Tips 10: Hugs å kreditere fotografen

Sjekk alltid om du har lov til å bruke eit bilde, før du publiserer det på nettsida di. Du skal som hovudregel kreditere både fotografen, og eventuelt bildebyrået, du har kjøpt eller henta bildet frå.

 

Tips 11: Lag ein fotobank

Set av tid til å bygge deg opp ein fotobase. Sjølv lagrar eg ofte bilda eg brukar i fleire ulike bildeforhold. På denne måten kan eg enkelt bruke dei same bilda på nettsida mi, i nyheitsbrev og i ulike sosiale kanalar. Dette sparar meg for mykje tid og leiting, når eg seinare skal dele innhald frå nettsida mi i ulike medium.

I bildebanken min lagrar eg bilda med namnet på fotografen, og eventuelt bildebyrået, i tittelen. Slik har eg det lett tilgjengeleg, og eg slepp å leite etter kven eg skal kredittere.

Lykke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart først publisert 12. august 2021 og sist endra 2. september 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Kjelder: Squarespace (squarespace.com)


Foto: Natalie Gushchina

Foto: Natalie Gushchina

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Ny nettside for MAFOSS

Next
Next

Start enkelt – og fortset slik