Start enkelt – og fortset slik

 

Videoramme: Johnse, Getty Images / Canva

Gjer det så enkelt som mulig! Dette er det beste rådet eg har til deg som er i etableringsfasen. Dei aller fleste vil klare seg fint med ei standard nettside i starten. Det vil seie ei side som har dei mest vanlege undersidene, eit pent design og ei nettsideplattform som er enkel å administrere.

Kvifor er det smart å starte enkelt?

  1. Fordi det er nok av andre kompliserte ting du skal fikse i etableringsfasen.

    Tru meg; å starte bedrift kan vere ganske overveldande til tider. Difor bør du bygge nettsida di så enkel som mulig i starten. Tanken på å lage ei komplisert nettside, som har “alt”på plass frå dag ein, kan faktsik hindre deg i å kome i gang. For dei fleste vil ei enkel nettside vere nok til å hjelpe deg i gang med å presentere produkta dine, skaffe kundar og skape inntekter til bedrifta di.

  2. Fordi du aldri heilt veit kva du treng, før du faktisk er i gang.

    Eg seier ikkje at du er dårleg til å planlegge! Eg er ein stor tilhengar av god og grundig planlegging, men eg er ein endå større tilhengar av å ta eitt steg om gangen. Biletet du har laga deg av korleis bedrifta kjem til å fungere vil nok aldri stemme 100 % med realiteten. Planar er fantastisk gode å ha, men dei må også justerast undervegs.

  3. Fordi du kan vidareutvikle nettsida di seinare.

    Sjølv om du startar enkelt, vil det vere uproblematisk å bygge ut nettsida di seinare, i takt med den naturlege utviklinga av bedrifta di. Ikkje legg arbeid i noko du trur du treng. Det kan fort vise seg å vere bortkasta tid, pengar og frustrasjon. Squarespace har mange nyttige funksjonar og tilleggstenester som du etter kvart kan vurdere:

  • Timebestilling med eller utan betalingsløysing (Squarespace Scheduling)

  • E-postmarknadsføring (Squarespace Campaigns)

  • Nettbutikk (Squarespace Commerce)

  • Arrangement

  • Medlemsportal

Kva er ei standard nettside?

Ei standard nettside har ei tiltalande og informativ framside og undersidene Om oss, Produkt /tenester og Kontakt oss. Det er også smart å legge til ein blogg. Du bør også ha ei 404-side, ei side med personverninformasjon og ei med salsvilkår.

Kvifor bør nettsida vere enkel å administrere?

Ei god nettside er ei levande side, så å oppdatere sida ofte vere enkelt.

Det du synest er komplisert, er nemleg det du helst vil utsette.

Med Squarespace slepp du å grue deg til å legge ut nytt innhald. Opprett gjerne ein fagblogg, der du jamnleg viser fram kompetansen din og hjelper kundane dine å finne svar på spørsmåla sine. Hugs at ein levande blogg også kan bidra til at sida di klatrar på resultatlista til søkemotorane.

Eg kan hjelpe deg

Synest du framleis nettsidebygging verkar overveldande? Når du samarbeider med meg, kan du overlate styringa av nettsideprosjektet til meg og senke skuldrene litt.

Bestill time for ein nettsideprat, så finn vi ut kva løysing som passar best for deg, bedrifta og budsjettet ditt.


Dette innlegget vart første gang publisert 22. juni 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Vil du heller bygge nettsida di sjølv?


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

11 tips for bra bildebruk

Next
Next

Eg har fått stipend!