Eg har fått stipend!

 
Peder Lofnes Hauge og Monika Haanes Waagan med blomebukett utanfor Fosnavåg konserthus.

Foto: Hege Lothe

8. juni vart det offentleg, det eg har klart å halde for meg sjølv ei god stund. Eg har fått stipend! Stipendet er frå Noregs Mållag, og eg får det fordi eg lagar ein nynorsk nettsidemal og eit tilhøyrande minikurs for bedrifter som vil bygge nettsida si sjølv. Malen er allereie klar, og kurset er snart klart for påmelding.

Nynorskstipendet er på 50 000 kroner og vert delt ut ein gong i året til ein mann og ei kvinne. Stipendet skal gå til område der nynorsken ikkje står sterkt i dag. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer mottakar, og pengane er løyvde frå Kulturdepartementet.

Eg set sjølvsagt stor pris på stipendet. Det hjelper meg å realisere eit prosjekt eg har hatt i tankane og støypeskeia ei god stund. Ekstra kjekt var det, at eg fekk denne merksemda midt under arrangementet Det nynorske forspelet, som mållaget mitt, Herøy Mållag, stelte i stand på Fosnavåg konserthus denne kvelden.

– Noregs Mållag ynskjer oss meir nynorsk i det private næringslivet, og at det skal vere lettare å velje nynorsk. Vi har tru på at nettside-pakkeløysinga til Monika Haanes Waagan kan gje oss fleire nynorske bedrifter på internett, sa Peder Lofnes Hauge i samband med utdelinga.

– Denne nettside- og kursløysinga vil gje små verksemder ei rimelegare pakkeløysing, heldt han fram.

– Kurset er på nynorsk og er klart til påmelding til hausten. Vi har tru på dette prosjektet, og vi trur at Monika har dei løysingane som skal til når du er heilt ny næringsdrivande og startar opp di eiga verksemd.

Peder Lofnes Hauge hadde forresten mykje meir på hjertet denne kvelden. Her kan du lese heile innlegget hans: “F**K NYNORSK?”

Det å bruke nynorsk er heilt sjølvsagt for meg, men eg kan ikkje legge skjul på at det ofte er vanskeleg å finne leverandørar som tilbyr produkt og tenester på nynorsk, og då særleg nynorskversjonar av digitale verktøy. Difor er eg glad for at vi har Mållaget.

Vi nynorskingar treng å stå saman, også vi som er nynorskbedrifter. Vi har to norske språk her i landet, som er meinte å vere jamstelte. Vi kan ikkje overlate til utanlandske teknologigigantar å styre korleis vi skal bruke språket vårt i vårt eige land.


Publisert 17.juni 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Her kan du lese meir om kurspakken

Squarespace Ekspress+

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Start enkelt – og fortset slik

Next
Next

Ei nettside – mange muligheiter