Ei nettside – mange muligheiter

 

Ei standard nettside kan vere akkurat det du treng for å kome i gang. Det er ikkje nødvendig å gjere det meir komplisert enn nødvedig. Men vil du drive ein komplett nettbusiness frå dag ein, gir Squarespace deg mange muligheiter. Integrert nettbutikk, timebestilling, e-postmarknadsføring og kursportal er berre nokre av funksjonane du kan bygge ut sida di med.

Standard nettside

For mange bedrifter vil ei standard nettside vere den aller beste og enklaste løysinga for å kome i gang. Sjølv om du startar enkelt, vil det vere uproblematisk å bygge ut denne nettsida seinare, i takt med den naturlege utviklinga av bedrifta di.

Eg tilbyr ein standard nettsidepakke med sju undersider inkludert. Pakken inneheld sju byggesteg og byggeprosessen går over sju veker eller meir, alt etter kor raskt du ønskar å gjennomføre prosjektet.

I løpet av prosessen hjelper eg deg å utarbeide mål og strategi for nettsida di og ein eittårig plan for drifta av nettsida di.

Eg bygger og publiserer nettsida for deg i Squarespace. Du slepp å bekymre deg for det tekniske, og du vil lære alt du treng undervegs, for å drifte sida di på eiga hand.

Tilleggsfunksjonar

Du kan utvide nettsida di til å innehalde fleire av Squarespace sine funksjonar og tenester, slik som:

  • Timebestilling med eller utan betalingsløysing (Squarespace Scheduling)

  • E-postmarknadsføring (Squarespace Campaigns)

  • Nettbutikk (Squarespace Commerce)

  • Arrangement

  • Medlemsportal

Nettbutikk i Squarespace

Squarespace si nettbutikk-plattform vil vere eit kraftfullt tilskot til businessen din og passar heilt supert for små og mellomstore nettbutikkar.

Verktøyet har tilpassa oppsett for

  • digitale produkt

  • fysiske produkt og

  • tenester

Det er inga begrensing på kor mange produkt du kan legge til i ein Squarespace-butikk. Designet er lekkert og inspirerande. Du kan sortere varene dine i kategoriar og legge inn kreative produktskildringar med bilde, videoar og relaterte produkt.

Del produkta dine med enkle klikk til blogginnlegg, e-postkampanjar og sosiale medium.

Administrasjonspanelet er oversiktleg, og her har du full kontroll på produkta og varelageret ditt. Du kan planlegge produktlanseringar fram i tid og automatisere varsel for varer som snart er utselde.

Squarespace-butikken koplar du enkelt opp mot betalingsløysingane Stripe eller PayPal. Vipps eller Klarna kan dessverre ikkje brukast per i dag.

Timebestilling i Squarespace

Avtaleverktøyet Squarespace Scheduling gjer det superenkelt å ta imot individuelle timebestillingar, klassepåmeldingar og å avtale nettmøte.

Du kan legge ut ledige timar i kalenderen din, og kundane dine kan finne ledige enkelttimar, gruppetimar, Zoom-møter, kurs og klasser, som dei kan gå inn og bestille, endre, betale eller kansellere sjølve.

Om du ønskar å legge til inntaksskjema ved påmelding, er dette også mulig.

Du får automatisk kopi av bestillingane, inkludert svara på inntaks-spørsmåla, på e-post. I tillegg kan avtalane synkroniserast til andre kalendrar utanfor Squarespace.

Systemet sender ut automatiserte timebekreftingar og påminningar, og du kan også velje å sende ut automatiserte oppfølgings-epostar.

E-postkampanjar i Squarespace

E-postmarknadsføring er ein av dei mest kostnadseffektive måtane å bygge tillit og truverde på, slik at du, i neste omgang, kan selje varene og tenestene dine til kundegruppa di.

Med Squarespace kan du setje opp e-postkampanjar direkte frå administrasjonspanelet på sida di. Her hentar du inn sidestilar, produkt og blogginnlegg frå nettsida di med nokre få klikk.

Squarespace Email Campaigns er ikkje av dei mest avanserte e-postverktøya på marknaden, men den direkte koplinga mot innhaldet ditt, gjer marknadsføringsjobben uforskamma enkel!

Fordelar:

  • Du kan bygge og halde orden i e-postlistene dine.

  • Du kan importere, eksportere og segmentere listene dine.

  • Du kan lage dine eigne malar og kopiere e-postar du allereie har sendt, noko som sparar deg for tid og arbeid.

  • Du kan enkelt dele verdfullt innhald (som blogginnlegg) til lista di.

  • Du kan sende ut automatiserte e-postar, både enkeltvis og i sekvensar.

  • Du kan planlegge e-postsendingar fram i tid.

  • Du kan enkelt følgje med på effektane av marknadsføringa di.

Arrangement og billettsal

Squarespace gir deg også ei fin muligheit til å selje billettar til dei fysiske eller digitale arrangementa dine.

Arrangementsfunksjonen er allereie inkludert i alle Squarespace-abonnement og du kan ta betalt via nettsida ved å kople dette til anten timebestillings- eller nettbutikkløysinga.

Medlemsportal

Squarespace Member Area lar deg legge eksklusivt innhald bak ein betalingsmur, slik at berre kundar med eigen medlemskonto, får tilgang.

Bak “muren” kan du til dømes legge opplæringsvideoar, manualar, malar og sjekklister. Kundane dine kan logge seg inn når dei måtte trenge det og så lenge medlemsskapen er gjeldande.

Innanfor medlemsportalen bygger du opp ein heilt separat sidestruktur, åtskilt og skjult frå resten av nettsida di.

Portalen kan brukast som ein ressursbank for ei utvald kundegruppe, eller du kan bruke han til å romme alt frå kurs og seminar til musikk og videoinnhald.

Det er også mogeleg å ha gratis medlemsskap, noko som gjer medlemsportalar passande også for frivillige organisasjonar, interessegrupper eller andre felleskap.

Eg kan hjelpe deg

Synest du nettsidebygging verkar overveldande? Når du samarbeider med meg, kan du overlate styringa av nettsideprosjektet til meg og senke skuldrene litt.

Bestill time for ein nettsideprat, så finn vi ut kva løysing som passar best for deg, bedrifta og budsjettet ditt.


Dette innlegget vart første gang publisert 1. juni 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Vil du heller bygge nettsida di sjølv?


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Eg har fått stipend!

Next
Next

Er du på jakt etter eit online bestillingssystem?