Er du på jakt etter eit online bestillingssystem?

Tidsbruk: ☕

 

Er du coach, konsulent, behandlar, kurshaldar, PT eller yogalærar? Avtaleverktøyet Squarespace Scheduling har alt du treng for å forenkle og effektivisere bestillingssystemet ditt. Scheduling passar til planlegging av alt frå videokonsultasjonar til gruppetimar, kurs og arrangement.

1. La nettsida di ta imot bestillingar heile døgnet

Med avtalekalenderen din tilgjengeleg på nettsida di, kan kundane enkelt gå inn for å finne ledig tid og fullføre bistillinga. Dei treng ikkje å ringe deg i opningstida, og du treng ikkje å bli avbroten i arbeidet ditt. Alt går av seg sjølv.

2. Få betre oppmøteprosent med automatisering

Ved å la systemet sende ut automatiske bekreftingar og påminningar, vil du kunne oppleve at færre lar vere å møte opp til timeavtalane sine. Du kn også opne for at kundane kan kansellere eller endre tidspunkt for avtalane sine, så nær opp mot avtalen som du tillet.

3. Spar tid på å automatisere kunderegistreringa

Unngå å bruke opp dyrebar klient-tid på formalitetar. Sceduling lar deg legge til inntaksskjema som kundane dine fyller ut ved påmelding. Her kan du samle inn nødvendige kundeopplysningar eller stille spørsmål som hjelper begge partar å førebu seg til timeavtalen.

Foto: Canva

4. Ta imot betaling med Stripe eller PayPal

Scheduling kan koplast opp mot betalingsløysingane Stripe og PayPal, slik at kundane kan betale for timen sin på førehand. Vipps eller Klarna kan dessverre ikkje brukast per i dag.

5. Hald orden med varslingar og kalenderintegrasjon

Systemet varslar deg med det same ein ny avtale er bestilt, og du kan enkelt setje opp synkronisering med kalenderen du allereie brukar, som Google, Outlook, iCloud eller Office 365.

6. Videomøte og videokonferansar

Ved å kople Sceduling mot t.d. Zoom, kan du ta imot påmeldingar til videokonsultasjonar, videomøte eller digitale kurs. Kundane vil få Zoom-linken tilsend automatisk.

Foto: Canva

Foto: Canva

7. Prisar

Squarespace tilbyr tre ulike Scheduling-abonnement: Emerging, Growing eller Powerhouse. Les meir om innhaldet og prisane for dei ulike abonnementa her.

Vil du ha hjelp til å setje opp Scheduling på Squarespace-sida di?

Bestill ein gratis videosamtale, så kan vi saman finne ut kva løysing som passar best for deg.


Dette innlegget vart første gang publisert 7. april 2022.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Squarespace Ekspress

Med nettsidekurset Squarespace Ekspress kan du lære å bygge nettsida di heilt på eiga hand. Ein ferdigkoda nettsidemal med norske standardtekstar er inkludert i kurspakken.

Les meir om Squarespace Ekspress


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Ei nettside – mange muligheiter

Next
Next

Kom i gang med nyheitsbrev