Dette innhaldet bør du ha på nettsida di

Tidsbruk: ☕

Illustrasjon av handlingsutløysande link / call-to-action (CTA): “Klikk her” skrive på papirark.

Illustrasjon av handlingsutløysande link / call-to-action (CTA): “Klikk her” skrive på papirark.

Lurer du på kva innhald du bør ha på nettsida di? Heldigvis finst det inga standard oppskrift på dette, det ville ha vore kjedeleg, og heldigvis er ingen nettsider heilt like.

Likevel finst det ein del nøkkelinnhald du bør ta med, fordi kundane dine ventar å finne det når dei besøker nettsida di.

Det er ingen grunn til å vere altfor kreativ med den grunnleggande strukturen på sida di. Bruk vanlege namn på dei vanlege menypunkta, og gjer det enkelt for kundane dine å finne fram til informasjonen dei er på leit etter.

1. Framside

Framsida di er den digitale fasaden din og sjølve hovudinngangen til bedrifta di på nett. Det er hit potensielle kundar kjem for å få meir informasjon om bedrifta.

Sørg difor for at kundane dine skjønar kven du er og kva du driv med med det same dei kjem til framsida di. La det også vere enkelt for kundane å finne vegen vidare inn på ulike deler av nettstaden.

Bruk gjerne gode bilde til å illustrere og tydeleggjere kven du er og kva bedrifta di står for. Med rett bildebruk kan du verkeleg løfte kvaliteten på nettsida di.

Om du vel å ha ei framside, der ein må skrolle for å lese alt innhaldet, må du hugse å plassere det viktigaste innhaldet ditt øvst. På denne måte kan dei som ikkje skrollar også få det med seg. Det same gjeld dei viktigaste handlingsutløysande linkane dine. Plasser dei viktigaste linkane høgt oppe på sida.

Les også: Slik brukar du handlingsutløysande linkar (CTA) på nettsida di

2. Produkt/tenester

Produkt eller teneste-sida di må vere tilgjengeleg frå hovudmenyen (den globale menyen). Sidan den globale menyen ligg øvst på alle sidene dine, kan kundane finne ut kva du har å tilby, uansett kva underside dei først kjem inn på.

Menypunktet kan gjerne heite noko så enkelt som produkt eller tenester. Eller du kan bruke eit vanleg ord for tenesta eller produktet du tilbyr. Ikkje ver så kreativ at kundane dine blir usikre på kva bedrifta di eigentleg driv med.

Har du mange produkt, kan det hende du treng mange produktsider og fleire produktkategoriar.

Illustrasjon: Nettside med menypunktet “produkt” og underkategoriane nybygg, rehabilitering og interiør.

Illustrasjon: Nettside med menypunktet “produkt” og underkategoriane nybygg, rehabilitering og interiør.

For nettbutikkar vil det å skape ein logisk struktur for butikken vere nøkkelen til ei god oppleving for kundane. I Squarespace si nettbutikkløysing kan du bruke taggar og kategoriar for å hjelpe kundane med å finne det dei leitar etter.

Her finn du Squarespace si forklaring på korleis du kan organisere produkta i nettbutikken din.

For enklare Squarespace-sider kan det vere nok å lage menypunktet som ein falder, med eitt overordna menypunkt og fleire undersider, slik biletet viser.

Du kan også velje å samle produktkategoriane dine på ei eiga side, slik eg har gjort det her.

3. Om oss

“Ei god om oss-side skal vere som eit handtrykk og eit varmt smil. Ei fabelaktig om oss-side er ein invitasjon til ein nybrygga kopp kaffi og ein givande samtale. Om oss-sider skal gi publikum eit glimt av oppdraget ditt, kundeløftet ditt, verdiane dine og kva som gjer deg spesiell.”

(Omsett frå HubSpot sin About Us Pages Guide)

Om oss-sida di vil truleg bli ei av dei mest besøkte sidene på nettstaden din. Dette innhaldet er noko av det første som blir lese av potensielle kundar som besøker nettsida di.

Her er noko av det om oss-sida di bør innehalde:

Ei skildring av bedrifta

Uansett kor kjend bedrifta di er, må du forklare lesaren din kva bedrifta di driv med, kva som er visjonen din, kven du hjelper og kvifor bedrifta di eksisterer.

Ein presentasjon av deg sjølv (eller teamet ditt)

Vis bilde av og fortel om deg sjølv og teamet ditt. Små bedrifter kan vise fram alle tilsette enkeltvis, inkludert tittel og ein kort biografi. Større bedrifter kan bruke eitt eller fleire gruppebilde for å vise fram bedriftskuturen og menneska bak bedrifta di.

Den verkelege historia di

Fortel korleis og kvifor du starta opp. Kva udekte behov observerte du, og kvifor vil akkurat du bidra til å dekke desse behova? Prøv å fortelje historia på ein engasjerande og gjenkjenneleg måte, og utan at det blir oppramsande, kjedeleg og klisjefylt.

Handlingsutøysande linkar

Inkluder ein eller fleire handlingsuløysande linkar på om oss-sida, for å leie dei besøkande vidare på kundereisa si. Her kan du lese meir om handlingsutløysande linkar.

Kontaktinformasjon

Sørg for at det er enkelt å kontakte deg, direkte frå om oss-sida.

Referansar

Del nokre utvalde sitat frå tidlegare eller eksisterande kundar på om oss-sida di. Bruk helst referansar som seier noko om kven du er og korleis du er å samarbeide med, og prøv å unngå direkte sjølvskryt.

Til framtidige kollegaer

Om du har planar om å utvide arbeidsstokken din, anten no eller i framtida, bør du merke deg at potensielle søkarar nesten alltid vil studere Om oss-sida di før dei eventuelt vel å søke arbeid hos deg.

Skriv litt om korleis du rekrutterer nye tilsette, vis fram eventuelle ledige stillingar og la bedriftskulturen kome tydeleg fram, både i teksten og bildebruken på sida di. Hugs at ein person som finn visjonen og bedriftskulturen din interessant kan bli ein framtidig stjernekollega.

4. Kontakt

Eg er tilhengar av å plassere menypunktet kontakt eller kontakt oss der kundane dine ventar å finne det, nemleg øvst og til høgre i hovudmenyen. Sørg også for at kontaktinformasjonen til bedrifta di er lett å finne i botnteksten. Både hovudmenyen og botnteksten ligg fast, uansett kvar kunden din går inn på sida di, og det er vanleg å ha kontaktinformasjonen tilgjengeleg begge stadene.

Squarespace har fleire ulike kontaktsidemalar å velje mellom, men du kan like gjerne bygge opp kontaktsida di frå ei blank side.

Er du åleine, som meg, er det deg kunden vil ha kontakt med. Skap nærleik ved å legge inn eit bilde av deg sjølv på kontaktsida. Dette vil truleg bidra til at fleire faktisk tek kontakt. Bruk gjerne kontakt meg både som menypunkt og overskrift. (Kontakt oss bør du uansett ikkje bruke om du er åleine.)

Mi eiga kontaktside har desse elementa:

  • Bilete av meg

  • Namnet, telefonnummeret og e-postadressa mi.

  • Firmanamn og firmaadresse

  • Organisasjonsnummer

  • Linkar til sosiale kanalar

  • Knapp med link til kontaktskjema

  • Kart (Google)

  • Påmelding til nyheitsbrev

Her kan du sjå korleis eg har valt å bygge opp kontaktsida mi.

Skjermdump frå Squarespace: Ulike sidemalar for kontaktsider

Skjermdump frå Squarespace: Ulike sidemalar for kontaktsider

Squarespace har fleire ulike kontaktsidemalar å velje mellom, men du kan like gjerne bygge opp kontaktsida di frå ei blank side.

Er du åleine, som meg, er det deg kunden vil ha kontakt med. Skap nærleik og auk sjansen for kontakt ved å legge inn eit bilde av deg sjølv på kontaktsida. Bruk gjerne kontakt meg både som menypunkt og overskrift. (Kontakt oss bør du uansett ikkje bruke om du er åleine.)

5. Blogg

Det er mange grunnar til at du bør vurdere å ta i bruk bloggfunksjonen i Squarespace. Firmabloggen er din eigen arena. Her kan du dele relevant og hjelpsamt innhald med målgruppa di og tilpasse innhaldet til dei ulike etappane på kundereisa. Slik bygger du tillit og truverde medan du hjelper potensielle kundar vidare mot ei framtidig kjøpsavgjerd.

Bruk bloggartiklane til å demonstrere kompetansen din, og vis at du har det som trengst for å hjelpe målgruppa di. Når du viser at du kan hjelpe, gjennom å faktisk hjelpe, aukar du sannsynet for at potensielle kundar til slutt endar opp med å kjøpe eit produkt eller ei teneste frå deg.

Bloggen din kan også hjelpe deg å bli funnen av søkemotorane. Det vil seie at ein av dine bloggartiklar dukkar opp som søketreff, når målgruppa di leitar på nettet etter løysingar på sitt spessifikke problem. For å få dette til må du bruke ord og formuleringar i innlegga dine, som kunden din også brukar i sine nettsøk.

Les også: Kva kundebehov skal nettsida di dekke?

6. Referansar

Portefølje-funksjon.jpg

Ein god referanse kan vere det siste vesle loddet på vektskåla, som vippar ein kunde i vurderingsfasen over til å bli ein betalande kunde.

Eg anbefalar å bruke portefølje-sidene til Squarespace for å dele referansar på nettsida di.

Ei portefølje-side er bygd opp slik at kunden din kan gå inn på porteføljesida frå menypunktet referansar og deretter klikke seg inn på kvart enkelt referanseprosjekt. Oppsettet er enkelt å administrere, oversiktleg og ryddig.

Hugs at alle fullførte kjøp er ei muligheit for deg til å skaffe deg ein verdifull referanse. Gjer det difor til rutine å be kundane dine om tilbakemeldingar etter eit kjøp.

Her kan du lese litt meir om å be om tilbakemeldingar frå målgruppa di.

7. 404-side

Ei 404-side gjer at brukararane dine ikkje ramlar ut av nettsida di, om linken dei klikkar på ikkje fungerer.

Det skal sjølvsagt ikkje skje, men av og til skjer det likevel; du gløymer å endre ein link, eller du slettar ei side, som du har linka til før. Då er det viktig at brukaren din ikkje forsvinn, men blir verande på nettsida di.

For slike tilfelle er det viktig å ha ei skikkeleg 404-side. Om du lagar nettsida di i Squarespace, er der allereie ei standard 404-side integrert. Du kan også lage din eigen variant, slik som eg har gjort her.

8. Anna innhald

Du vil sannsynlegvis også trenge å informere om personvern og bruken din av informasjonskapslar. Sjølv har eg laga ei underside for personvern og ei side for informasjonskapslar, men du kan truleg også velje å slå saman desse sidene.

Du treng ikkje å linke til desse sidene frå hovudmenyen, men legg gjerne inn ein innhaldslink i botnteksten på sida di. Har du behov for å informere kundane dine om personvern eller bruken informasjonskapslar, legg du inn linkar til dei aktuelle sidene direkte i teksten din.

I tillegg bør du legge inn eit banner som kjem til syne i det same nokon kjem inn på nettsida di. Her informerer du om bruken av informasjonskapslar og forklarer kva brukarane dine skal gjere for å eventuelt blokkere slike kapslar. Du finn Squarespace sitt eige oppsett for dette under Settings -> Cookies & Visitor Data.

Du bør også vurdere å legge ut salsvilkåra dine på ei eiga side. Denne treng du heller ikkje å linke til frå hovudmenyen. Legg heller inn ein link i botnteksten. Her kan du lese salsvilkåra mine.

Eit lite atterhald til slutt: Både personvern, informasjonskapslar og salsvilkår er juridiske greier, som eg ikkje har fagleg ekspertise på. Du må gjerne “låne” formuleringar frå mine tekstar, om du ønsker det. Men eg tek ikkje noko juridisk ansvar for det du måtte legge ut på sida di. Du må sjølv finne ut om det du publiserer er juridisk haldbart og innanfor gjeldande lover og reglar. Det tryggaste er å få hjelp av ein jurist til dette.

Lukke til!

Har du spørsmål om dette eller anna, eller har du tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 17. september 2021
Monika Haanes Waagan, Akka AS

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Slik får du trafikk til nettsida di

Next
Next

Slik brukar du handlingsutløysande linkar (CTA) på nettsida di