Slik brukar du handlingsutløysande linkar (CTA) på nettsida di

Tidsbruk: ☕

Illustrasjon av handlingsutløysande link / call-to-action (CTA): “Klikk her” skrive på papirark.

Illustrasjon av handlingsutløysande link / call-to-action (CTA): “Klikk her” skrive på papirark.

Ein handlingsutløysande link er eit bilete, ein knapp eller ein tekstlink som oppmodar dei som besøker nettsida di om å utføre ei handling på sida di. På engelsk blir ein slik link kalla call-to-action, ofte korta ned til CTA.

Ein handlingsutløysande link kan du plassere kvar som helst på nettsida di; på framsida, på alle typar undersider og i blogginnlegg. Du kan også plassere slike linkar i ei e-bok, eit produktark eller i ein e-post.

Tenk igjennom kva du vil at dine besøkande skal gjere på nettsida di, og bygg dei handlingsutløysande linkane dine ut frå dette.

1. Kva er poenget med handlingsutløysande linkar (CTA)?

Som pådrivar i kundereisa, er den handlingsutløysande linken heilt avgjerande, sidan han bidreg til å puffe kunden din hjelpsamt vidare på vegen mot ei kjøpsavgjerd.   

Handlinga du vil at den besøkande skal utføre, bør tilpassast dei ulike etappane på kundereisa.

Oppmodinga kan vere å melde seg på ei e-postliste, laste ned ei e-bok, bestille ein samtale, melde seg på eit gratis webinar, bestille eit kurs, kjøpe eit produkt og så vidare.   

Ein god link er ein link som konverterer. Det vil seie at nokon klikkar på linken, og fullfører den handlinga du ønsker på nettsida di. Så enkelt og så vanskeleg. Det finst inga enkel oppskrift på korleis du får dette til, men der er likevel nokre få prinsipp du bør følgje, som aukar sjansen for at linken din vil fungere.

For at nokon skal klikke på linken din, må han skilje seg tydeleg ut frå det andre innhaldet på sida. Vel ein farge som står i kontrast til standardfonten og sidebakgrunnen din.

Linken bør også ha ein viss storleik, men enkle tekstlinkar, slike som du legg inne i teksten, kan ha same fontstorleik som resten av teksten. Den viktigaste linken på sida di bør vere størst. Unngå å plassere fleire viktige linkar slik at dei ropar om kapp om merksemda til lesaren. Bestem deg for kva som er den viktigaste handlinga du vil lesarane dine skal utføre frå denne sida, og la denne linken få størst fokus.

Tekstlinkar

Ein enkel tekstlink kan du plassere midt inne i ein tekst. Dette er vanleg å gjere i blogginnlegg, slik eg har gjort det her, for å linke til andre relevante blogginnlegg. Linken kan også takast ut som eit eige avsnitt, slik som dette:  

Les logginnlegget: Kva kundebehov skal nettsida di dekke?

Knappar

I Squarespace er det latterleg enkelt å legge til knappar på nettsida di. Ein knapp vil vere eitt knepp meir iaugnefallande enn ein tekstlink:  

Tekstboksar

Med ein enkel kodesnutt kan du plassere tekstlinken din inne i ein tekstboks, der bakgrunnsfargen skil seg tydeleg ut frå resten av sida di:

Bildebanner

Eit bildebanner vil skilje seg svært tydeleg ut på sida di. Denne typen handlingsutløysande link bør du reservere for dei aller viktigaste linkane dine, og du vil neppe ha mange slike på kvar side. Hugs å teste korleis eit så stort banner vil sjå ut frå mobil og sjekk at teksten er leseleg på både stor og liten skjerm:

4. Korleis skrive tekst til handlingsutløysande linkar (CTA)

Skriv kort og ver tydeleg. Teksten må vere lett å forstå, og du må halde det du lovar. Personen som klikkar må straks få bekrefta at hen har hamna på rett stad etter å ha klikka på linken din.

5. Fasiten får du berre ved å teste

Det er berre ein måte å finne ut kva handlingsutløysande lenke som fungerer best for akkurat di bedrift, dine kundar og på di nettside. Du må teste.

Prøv deg fram med ulike fargar på tekstlinkar, knappar, boksar og bilde. Test ut ulik ordlyd, ulik plassering og juster korleis du formidlar bodskapen din. Slik vil du gradvis bli betre til å setje opp handlingsutløysande linkar som gir deg dei resultata du ønsker deg.

Lukke til!

Har du spørsmål om dette eller anna, eller har du tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.


Dette innlegget vart første gang publisert 8. september 2021
Monika Haanes Waagan, Akka Tekst

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Dette innhaldet bør du ha på nettsida di

Next
Next

Derfor er Squarespace min favoritt