Derfor er Squarespace min favoritt

Squarespace er eit verktøy som passar perfekt, om du ikkje vil bruke tid eller pengar på spesialdesign, koding, oppdateringar av plugins og leige av eksternt webhotell.  Foto: Canva / Skjermdump frå Squarespace.com

Squarespace er eit verktøy som passar perfekt, om du ikkje vil bruke tid eller pengar på spesialdesign, koding, oppdateringar av plugins og leige av eksternt webhotell.
Foto: Canva / Skjermdump frå Squarespace.com

Synest du det er vanskeleg å velje rett plattform for nettsida di? Det er lett å gå seg vill i alle dei fantastiske muligheitene som finst. Sjølv har eg landa på Squarespace. I dette innlegget får du vite kvifor.

Squarespace ser det som sin misjon å tilby kreative, digitale verktøy for framtida. Plattforma er laga for nettsidebyggarar og designarar, men er også for alle som skal ta merkevara si ut i den digitale verda for første gang.

Squarespace seier sjølv at dei tilbyr elegante løysinger som set nye standardar for publisering på nettet. Ved å fokusere innsatsen sin på å smelte saman design og ingeniørskap, jobbar Squarespace fram haldbare produkt, som både gleder og overraskar brukarane. (Kjelde: Squarespace)

1. Squarespace er enkelt å bruke

Eg opplever Squarespace som eit verkty som er enkelt å bruke, både i byggeprosessen og etter publisering. Plattforma er utvikla med gjer-det-sjølv-brukaren i tankane, og det merkast. Det er ikkje nødvendig å kunne koding eller design for å bygge ei side i Squarespace. Alt dette er allereie ordna gjennom ferdige designmalar med gjennomtenkte element, blokker og funksjonar. Malane og muligheitene for variasjon og tilleggsfuksonar er så mange, at nettsidene likevel blir heilt unike – tilpassa kvar enkelt bedrift.

Norske brukarar vil måtte putte inn nokre kodesnuttar for å få endra enkelte av standardtekstane frå engelsk til norsk. Dette kan du gjere sjølv, om du har erfaring med koding, du kan kjøpe tenesta frå eit byrå, eller du kan starte frå ein av mine standardmalar, der dette allereie er fiksa. Om du kjøper ein nettsidepakke eller eit kurs i nettsidebygging frå meg, er denne språk-kodinga inkludert.

Les meir om mine produkt og tenester her.

2. Squarespace kjennest trygt

For meg er det ei lette, at eg aldri må oppdatere programvare, applikasjonar eller miniprogram. Squarespace er ei frittståande plattform som fungerer saumlaust, slik at alle funksjonane på sida kan administrerast under eitt. Eg treng ikkje uroe meg for om endringar eg gjer i ein komponent kan kome til å øydelegge noko i ein annan komponent. Det er faktisk sjeldan behov for å undersøke eller betale for tredjepartsappar eller andre program, sidan funksjonaliteten allereie ligg innebaka i Squarespace-systemet.

3. Squarespace har kult design

Som tekstforfattar og innhaldsprodusent, kjenner eg meg mykje tryggare på tekst og innhald enn på design. Difor er det fantastisk for meg å kunne fråtse i dei vakre sidemalane og omtenksamt designa innhaldsblokkene som Squarespace tilbyr. Det som gjer designet verkeleg kult, er likevel kombinasjonen av form og funksjon.

Ved å utnytte funksjonaliteten som ligg innebygd i Squarespace, kan eg planlegge, bygge og drifte nettsider som både ser pene ut og leverer gode resultat for bedrifta.

4. Squarespace har responsivt design

Responsivt design sikrar at innhaldet på nettsida tilpassar seg storleiken på skjermen, uansett dataskjerm, nettbrett eller mobil. For meg er det ei tryggheit å vite at Squarespace-malane eg brukar inneheld ei unik mobiloppleving, som samsvarar med den generelle stilen på nettsida.

Nettsider bygde i Squarespace tilpassar seg storleiken på skjermen. Foto: Canva

Nettsider bygde i Squarespace tilpassar seg storleiken på skjermen.
Foto: Canva

5. Squarespace er bygd for god synlegheit

Å skrive for nettet er også å skrive for synlegheit. Det er difor heilt avgjerande at Squarespace har innebygde funksjonar for søkemotoroptimalisering (SEO). Det vil seie nettsideskildringar, sidetitlar, eigendefinerte URL-ar, søkevennleg formatering, nettstadskart (sitemap) og andre nøkkelelement. Var dette stort sett “gresk” for deg? Fortvil ikkje: Snart kjem eit eige blogginnlegg om SEO.

6. Squarespace er bygd for skalering

Ei side som er bygd i Squarespace, har rom for å vekse. Dette er ein av grunnane til at Squarespace passar perfekt for små aksjeselskap (AS) og enkeltpersonsføretak (ENK). Eg likar å vite at eg kan starte med ei enkel nettside, som eg seinare kan bygge ut og utvikle, i takt med utviklinga av bedrifta mi.

Foto: Canva

Foto: Canva

7. Squarespace har innebygd SSL-sikkerheit

Eg veit det er viktig, men det tekniske skal eg ikkje gi meg ut på å forklare. Men det eg veit, er at Squarespace tilbyr gratis SSL-sertifikat (Secure Sockets Layer) for alle Squarespace-domener og tredjepartsdomener som er kopla og peikar til ei Squarespace-side. Når SSL er aktivert, vil dei som besøker nettsida få ei sikker kopling til kvar side. Resten kan eg trygt overlate til ekspertane i Squarespace.

8. Squarespace er (eit) godt selskap

Squarespace har vore her sidan 2003, og selskapet har vakse jamt sidan. Eg likar at Squarespace er eit robust selskap, som neppe vil forsvinne med det første. 

9. Squarespace yter kundesørvis døgnet rundt

Kundesørvis-teamet til Squarespace er tilgjengeleg sju dagar i veka, 24 timar i døgnet. Rett nok går det meste føre seg på engelsk, men sjølv har eg berre positive opplevingar frå kontakten eg har hatt med Squarespace-hjelparane.

Eg har god erfaring med Squarespace sin kundesørvis. Skjermdump: squarespace.com

Eg har god erfaring med Squarespace sin kundesørvis.
Skjermdump: squarespace.com

10. Squarespace har forstått noko viktig

Sjølv har eg brukt mange ulike publiseringsverkty gjennom åra, og det finst verkeleg mange fantastiske alternativ å velje mellom. Eg har likevel fått Squarespace som min favoritt. Dette er eit verkty som passar perfekt, om du er som meg og ikkje vil bruke tid eller pengar på spesialdesign, koding, oppdateringar av plugins og leige av eksternt webhotell.

Squarespace har verkeleg forstått kva som skal til for å lukkast og trivast med digital marknadsføring.

Lukke til med ditt val av publiseringsløysing!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 1. september 2021
Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Kjelder: Squarespace (squarespace.com)

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Slik brukar du handlingsutløysande linkar (CTA) på nettsida di

Next
Next

Kva kundebehov skal nettsida di dekke?