Kva kundebehov skal nettsida di dekke?

Tidsbruk: ☕

Om du berre tenkjer på å selje, er det ikkje sikkert kunden blir nøgd, sjølv om produktet er bra. Foto: Canva/Getty Images.jpg

Om du berre tenkjer på å selje, er det ikkje sikkert kunden blir nøgd, sjølv om produktet er bra. Foto: Canva/Getty Images.jpg


For at nettsida di skal fungere som ein god salskanal for bedrifta di, kan du ikkje berre fokusere på kva du sjølv vil oppnå med nettsida di. Du må også vite kva spesifikke kundebehov sida di skal dekke.

Om du har meir fokus på å selje enn å hjelpe, er det ikkje sikkert kunden blir nøgd, sjølv om produktet i seg sjølv er bra.

Det er i skjeringspunktet mellom dine eigne og kunden sine behov du kjem til å finne det gode grunnlaget for ei velfungerande nettside.

1. Ta omsyn til målgruppa di

Om du allereie har brukt litt tid på målgruppearbeid, veit du at du må ta omsyn til alt dette når du riggar nettsida di:

  • kven kundane dine er

  • kva behov dei har

  • kva løysing dei ønsker seg på problema sine

  • kva som skal til for at dei skal kjøpe noko

Les korleis du definerer målgruppa di.

Les om nettsidemål og nettsidestrategi her.

2. Kundebehov og kundereiser

Ei kundereise er alle stega kunden går igjennom, frå hen erkjenner eit behov og startar prosessen med å leite etter informasjon, til hen har kjøpt eit produkt eller ei teneste som hen deretter tar i bruk for å dekke dette behovet.

Det er mange ulike måtar å forklare kundereiser på, men det er vanleg å dele kundereisa inn i fleire etappar. Undervegs på denne reisa, vil kunden sine behov endre seg. Difor bør du også rigge nettsida di deretter, slik at kunden opplever å bli møtt og hjelpt, uansett kvar hen er.

3. Første etappe på kundereisa (før kjøpet)

Mann søker etter hjelp på smarttelefon. Foto: Canva/Syda Productions

Mann søker etter hjelp på smarttelefon. Foto: Canva/Syda Productions

Kundereisa startar gjerne med noko som vert kalla eit smertepunkt eller ein trigger. Kunden erkjenner at hen har eit problem som må løysast. Derettet vil hen starte leitinga etter den beste løysinga på probemet sitt, før hen identifiserer reelle alternativ og gjer seg klar til å ta eit kvalifisert val.

Smertefase

Som nettsidebyggar må du sørge for at det er ditt innhald som dukkar opp i søkeresultata, når kunden leitar på nettet etter slike løysingar.

Hugs at kunden din ikkje alltid veit kva som er løysinga på problemet som har oppstått.

For ein psykolog kan difor både “deprimert” (problem) og “samtaleterapi” (løysing) vere viktige søkeord. Medan søkeorda “røyting” (problem) og “FurMinator” (løysing) kan vere like viktige for ein dyrebutikk.

Slik riggar du nettsida di for kundar i smertefasen:

  • Utnytt Squarespace sine innebygde verktøy for søkemotoroptimalisering.

  • Bruk ord og formuleringar på sida di, som kunden din også brukar.

  • Ta i bruk bloggfunksjonen i Squarespace, der du jamt publiserer relevant og hjelpsamt innhald for målgruppa di.

  • Kople Squarespace-sida di saman med dei sosiale kanalane dine, og del innhaldet ditt med kundane dine, der dei er.

  • Bruk Squarespace sine sprett-opp-vindu eller annonse-felt, for å invitere besøkande til å abonnere på nyheitsbrev frå deg.

  • Bruk Squarespace sitt eige verktøy for e-postmarknadsføring for å enkelt dele blogginnlegga dine med abonnentane dine.

  • Bygg gode landingssider.

Vurderingsfase

Kunden vil truleg bruke ei viss tid på å vurdere ulike leverandørar opp mot kvarandre, før hen bestemmer seg for å kjøpe. I denne fasen har kunden behov for tryggheit og nok informasjon til å kunne ta ei kvalifisert avgjerd.

Om du allereie har lagt ned litt innsats i målgruppearbeidet ditt, veit du kva som er dei viktigaste kjøpskriteria for kundegruppa di. Du har lytta til den skeptiske delen av gruppa, og veit kva informasjon du treng å ta med, for at også desse kundane kan kjenne seg trygge. 

Slik kan du hjelpe kundar som besøker sida di i løpet av vurderingsfasen:

  • Bygg ein oversiktleg sidestruktur, slik at det er lett for kunden å finne fram til informasjonen hen treng.

  • Utnytt nettbutikkfunsjonen i Squarespace, og presenter produkta og tenestene dine med bilde, videoar, fyldige produktskildringar, valmuligheiter og prisar.

  • La kunden din få tilgang til videoar, demo-innhald eller produktkatalogar i pdf-format. (Hugs å innhente e-postadresse, og samtykke til å sende nyheitsbrev, i byte mot slik tilgang.)

  • Sørg for at kunden din enkelt kan kome i kontakt med deg.

  • Bruk Squarespace sitt avtaleverktøy Scheduling, slik at kunden sjølv kan bestille ein møteavtale, ein gratis prøvetime eller ein salssamtale. 

  • Publiser kundereferansar og kundemeldingar som eigne sider eller som seksjonar på produktsidene dine.

  • Gjer det enkelt for kunden å ta neste steget på kundereisa si. Bruk tydelege knappar og handlingsutløysande linkar på alle sidene dine.

  • Bruk bloggfunksjonen i Squarespace til å publisere artiklar som viser at du har fagleg innsikt og nødvendig kompetanse.

4. Andre etappe på kundereisa (sjølve kjøpet)

Betalingskort i handa. Foto Canva/Getty images

Betalingskort i handa. Foto Canva/Getty images

Her har kunden bestemt seg for å kjøpe produktet eller tenesta di, og sit så å seie med betalingskortet klart i handa. No har kunden behov for at sjølve gjennomføringa av kjøpet går føre seg enkelt, trygt, profesjonelt og forståeleg.

Sørg for at du ikkje mistar kundar på denne viktige etappen av kundereisa.

Dette kan du gjere på nettsida:

  • Sørg for at prisar, produktskildringar og varelager alltid er oppdaterte og korrekte.

  • Sørg for at kjøpsvilkåra dine er lett tilgjengelege og enkle å forstå.

  • Bygg opp gode bestillingsskjema (for deg som ikkje har nettbutikk), og la Squarespace sine innebygde verktøy hjelpe deg å følgje opp bestillingane.

  • Set opp integrasjonar mellom Squarespace-sida di og digitale betalingsløysingar som Stripe eller PayPal.

5. Tredje etappe på kundereisa (etter kjøpet)

No skal kunden din ta produktet eller tenesta i bruk og treng ei stadfesting på at hen har gjort eit rett val av produkt og leverandør.

Her er oppgåva di å sørge for at produktet eller tenesta di blir levert etter avtale, til rett tid og på ein måte som helst er litt betre enn det kjøparen har venta seg. Dette vil auke sjansen for at kunden blir nøgd, at hen vil snakke positivt om deg til andre, og at hen vil kome tilbake til deg for å kjøpe andre produkt eller tenester.

Slik tilpassar du nettsida di til den tredje etappen på kundereisa:

  • Utnytt dei innebygde funksjonane for ordreoppfølging i Squarespace-butikken din.

  • Bruk Squarespace sitt e-postverktøy til å setje opp automatisert kundeoppfølging, som til dømes utsending av velkomstsekvensar, instruksjonar og brukarmanualar.

  • Inviter kundane dine inn i eit lukka medlemsområde i Squarespace, der dei har eksklusiv tilgang til opplæringsvideoar, manualar og faglege ressursar.

  • Set opp automatiserte e-postar, der du ber om tilbakemeldingar (og referansar) frå kundane dine, ei viss tid etter at dei har gjennomført kjøpet sitt.

  • Sørg for at nettsida di er rigga for god kundesørvis, slik at du lett kan ta imot spørsmål og tilbakemeldingar frå kundane dine.

Oversikta ovanfor er sjølvsagt svært forenkla, og ho er ikkje meint å passe for alle typar bedrifter og alle typar kundar.

Forslaga mine til kva du kan gjere på nettsida di vil heller ikkje passe for alle. For enkelte bedrifter vil tiltaka eg foreslår vere alt for omfattande, medan dei på langt nær vil strekke til for andre.

Eg håpar likevel innlegget har vist deg kor viktig det er heile tida å ha kunden og kunden sine behov for løysingar, informasjon, tryggheit og stadfesting i tankane, medan du bygger nettsida di.

Lukke til!

Har du spørsmål om dette eller anna, eller har du tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 31.08.2021
Monika Haanes Waagan, Akka AS


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Derfor er Squarespace min favoritt

Next
Next

Sal av produkt og tenester i Squarepace