Gode nettsidemål gjer deg glad

Tidsbruk: ☕

Om du kjenner måla dine, veit du akkurat når du kan feire. Foto: Canva

Om du kjenner måla dine, veit du akkurat når du kan feire. Foto: Canva

Eg tullar ikkje! For om du kjenner måla dine, veit du akkurat når du kan feire, sprette korken, hoppe i taket og skryte til sjefen. Du treng dei også for å vite når du må skifte kurs, gønne på, bla opp pengar eller ta rev i segla.

Måla fortel deg kvar du skal, og kva sjømerke, fyrlykter og hamner du skal passere på vegen.

1. Mål gir arbeidsglede

Utan mål blir det meir famling og føling enn feiring. Å ikkje vite korleis det går med nettsida, er både ubehageleg og unødvendig. Du veit ikkje om arbeidet ditt har effekt, og du veit ikkje om du tener eller sløser bort tida, energien og pengane dine.

Til gjengjeld er det F.A.N.T.A.S.T.I.S.K. når alt fungerer! Då veit du kvar du er, du har sett stø kurs mot målet, båten glir over havflata ⛵, du har vinden bak deg 💨, og analyseverktyet smiler til deg frå skyfri himmel. 🌞

(OK. Nok om sjø og båtliv!)

2. Strategi og mål

Nettsidemåla dine heng tett saman med nettsidestrategien din. Med nettsidestrategi meiner eg ei gjennomtenkt og skriftleg formulering om:

  1. kven du rettar deg mot (målgruppa di)

  2. kva du skal oppnå med nettsida (til dømes å selje meir, bygge e-postliste, informere betre)

  3. korleis du skal få dette til (Korleis skape trafikk, kva skal dei besøkande gjere på sida di, korleis skal dette bidra til å oppnå måla i punkt 2.)

Nettsidestrategien din kan vere eit ark med 3 avsnitt eller eit dokument på 300 sider. Er du liten eller ny i gamet, så gjer det enkelt! Ta heller fram igjen strategidokumentet etter eitt år. Då har du gjort deg dei erfaringane og skaffa deg kunnskapen du treng for å skrive det på nytt, endre det eller gjere dokumentet meir utfyllande.

3. SMARTe nettsidemål

Måla dine er ikkje gode, om dei ikkje er spesifikke, målbare, attraktive, relevante og tidfesta. Du kjenner sikkert att dette som SMARTe mål. I følgje SMART-metoden, lansert av George T. Doran i 1981, bør eit mål oppfylle desse kriteria:

  • Spesifikt:

Kva vil du heilt konkret og nøyktig oppnå?

  • Målbart:

Sørg for at det er mulig å finne ut om du har nådd målet! Talfest målet ditt!

  • Attraktivt:

Formuler mål som er verdt å jobbe for! Målet må vere viktig for deg og bedrifta di.

  • Realistisk:

Sørg for at målet er oppnåeleg! Har du ressursane og kunnskapen du treng for å nå det?

  • Tidfesta:

Når skal du nå målet ditt?

4. Korleis finne måltala

PC-skjerm med kvinne ved PC. Illustrasjon av kjøpstrakt. PC

*Eit lead er ein person som på ein eller annan måte har vist interesse for produkta eller tenestene dine.

Foto: Canva

For ei nettside, vil måla ofte handle om å få fleire besøk til nettsida, få besøkande til å vise interesse (ofte kalla generering av leads*) og få potensielle kundar til å kjøpe. Ei SMART formulering av dette nettsidemålet kan til dømes vere slik:

1: Auke trafikken til nettsida til X besøkande per månad.
2: Få Y besøkande til å vise interesse for produkta/tenestene per månad (= legge att e-postadressa si)
3: Få Z av desse til å gjennomføre eit kjøp per månad.

Korleis kjem eg fram til kva som skal vere mine tal for X, Y, og Z, tenkjer du kanskje? Vel, du kan for eksempel starte bakerst, ved å stille deg desse spørsmåla:

Spørsmål 1:

Kor mange sal treng eg per månad for å nå omsetnadsmåla mine det gjeldande året? Der har du din Z.

Spørsmål 2:

Kor mange interesserte besøkande/leads (Y) treng eg? Om du allereie har erfart at 4 % av dei som viser interesse for produkta dine, faktisk ender opp med å kjøpe, får du dette reknestykket: Y = Z / 4 * 100. Der har du måltalet ditt for interesserte besøkande (leads).

Spørsmål 3:

Det siste måltalet (X) finn du ved å spørje slik: Kor mykje trafikk treng eg normalt for å få ein besøkande til å vise interesse for produkta eller tenestene mine? La oss seie at 2 % av dei som besøker nettsida di, endar opp med å legge att e-postadressa si hos deg. Reknestykket blir då slik: X = Y / 2 * 100.

5. Vanskeleg? Her kjem eit døme:

Uff, synest du også at dette er litt vanskeleg? Gjer eit forsøk, likevel! Det er faktisk moro når du først får det til. Foto: Canva

Prøv å setje opp måltala dine, sjølv om det er vanskeleg i starten. Foto: Canva

  1. La oss seie at eg må selje berre eitt produkt per månad for å nå omsetnadsmåla mine. Det betyr at min Z = 1. Er du med?

  2. La oss deretter seie at eg normalt får sal frå 4 % av mine leads (Y). Sidan 1 er 4 % av 25, må eg altså rekne med å trenge 25 leads for å få eitt sal.

    Med andre ord: min Y = 25.

  3. Til slutt skal vi finne ut kor mykje trafikk eg må ha på sida mi for å få nok leads til å selje eitt produkt.

    Eg veit at ca. 2 % av dei som besøker nettsida mi, endar opp med å vise interesse ved å legge att e-postadressa si hos meg. 25 er 2 % av 1250.

    Eg treng altså 1250 besøk på nettsida for å få 25 leads, som igjen gir sal av 1 produkt. Med andre ord: min X = 1250.

6. Måling og justering

Når du har formulert måla dine, kan du heile tida følge med på korleis nettsida di presterer. Skaff deg innsikt frå Analytics-funksjonen i Squarespace og gratisverktyet Google Analytics.

Bestem deg for kor ofte du vil gjere målingane dine, og set av tid i kalenderen kvar dag, kvar veke eller kvar månad. Lag deg gjerne eit dokument, der du fyller inn tala dine manuelt, for å få eit nærare forhold til tala dine.

Med måla ovanfor bør du minst følge med på:

  1. talet på besøkande

  2. talet på konverteringar, altså handlingar som gjenspeglar interesse frå besøkande (leads)

  3. kjøp eller bestillingar

  4. kvar trafikken kjem frå (organiske søk, e-post, sosiale medium, betalt annonsering)

  5. kva trafikk-kjelder som fører til flest/færrast konverteringar og kjøp

  6. kva sider som konverterer best/dårlegast

Bruk innsikta frå nettsidestatistikken til å justere strategien din og endre kursen. Deretter sjekkar du om kursendringa du gjorde har hatt effekt.

Arbeid så strukturert og planmessig du berre kan, men ver tolmodig! Det vil vanlegvis ta litt tid å oppnå resultata du drøymer om.

Hugs å feire når du når eit mål – anten det er stort eller lite!

Hugs å feire! Foto: Canva

Hugs å feire! Foto: Canva

Lykke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert i august 2021. Innlegget vart endra 1. februar 2022. Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Slik bestiller du domenenamn til nettsida di

Next
Next

Slik testar du om Squarespace 7.1 passar for deg