Slik bestiller du domenenamn til nettsida di

Tidsbruk:

Å bestille domenenamn er enkelt. Sjekk på navnesok.no om domenet er ledig.

Skal du ha ei nettside, treng du eit domenenamn som er ditt. Det er ei enkel sak å bestille domenenamn, og det kostar heller ikkje mykje. Ordet domene kjem frå fransk og latin og tyder “herredøme”. Eit domene eller domenenamn på internett, er det unike namnet ei verksemd har på nettet.

1. Norsk eller utanlandsk toppdomene?

Dei fleste norske bedrifter vel å skaffe seg eit “.no”-domene eller eit “.com”-domene.

Norske domenenavn sluttar på .no og er øyremerka norske bedrifter og privatpersonar. I følgje norid.no er det norske toppdomenet anerkjent for god kvalitet, og folk har tillit til nettstader med domenenavn som sluttar på .no.

2. Sjekk om domenet er ledig

Det første du må gjere er å bestemme deg for domenenamn og sjekke at dette er ledig. Eg anbefalar navnesok.no til dette. Her kan du samtidig sjekke om namnet er ledig som føretaksnamn og varemerke.

3. Vel domeneforhandlar

Neste steg er å velje forhandlar.

norid.no kan du søke etter godkjende forhandlarar. Sjølv har eg god erfaring med domene.shop, men det er også mange andre forhandlarar å velje mellom.

Du kan filtrere etter geografi, om du har preferansar knytt til dette.

4. Hugs DNSSEC (Hæ?)

Hugs å velje ein forhandlar som tilbyr sikring med DNSSEC. Ja, eg veit det. Dette er kryptisk, og faktisk er det akkurat kryptisk det skal vere. Når eit domene er sikra med DNSSEC, vil alle svar på oppslag bli signert kryptografisk. Dette er altså ein sikkerheitsmekanisme som blir lagt inn i domenenamn-systemet, og som gir auka tryggheit for nettbrukarane.

Vil du lese meir om dette? Her forklarer Norid kva DNSSEC er.

5. Pris

Prisen på eit .no-domenenamn, med e-post inkludert, ligg på rundt 200 kr.

Lykke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 3. august 2021

Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Foto: Natalie Gushchina

Foto: Natalie Gushchina

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Om målgrupper og kjærleik. (Eller: Slik definerer du målgruppa di.)

Next
Next

Gode nettsidemål gjer deg glad