Om målgrupper og kjærleik. (Eller: Slik definerer du målgruppa di.)

Illustrasjon_ Målgruppe.jpg

Tidsbruk: ☕☕

Allereie før du startar bygginga av nettsida di, bør du skaffe deg ein viss kontroll over kven nettsida di er meint for.

Og når du har gjort det, må du definere målgruppa di igjen og igjen – og igjen, i alle fall like lenge som du har lyst til å lykkast med kommunikasjon og marknadsføring.

I dette innlegget får du vite kva (om noko!) som er likskapen mellom målgruppearbeid og kjærleiksforhold.

Og så får du nokre tips av meg, til korleis du kan arbeide med å definere målgruppa og, aller helst, målgruppene dine.

 

Historia om deg og målgruppa di bør eigentleg vere som ei kjærleikshistorie. Berre sjå det føre deg: Det første møtet dykkar kan vere tilfeldig eller planlagt. Men i løpet av dette møtet klarer du å tenne ein gneist i den andre, ei interesse og eit håp om at akkurat du er den vedkomande “alltid” har leitt etter.

Etter at den første interessa er vekt, og den første flammen er kveikt, gjeld det å legge ein innsats i å vise kven du er og kva du har å tilby. Du viser deg frå di beste side, så klart. Men du kan aldri late som, bløffe eller kle deg ut. Det vil aldri løne seg. Her er det pur ærlegdom og tillit som gjeld. Du blir etterkvart meir og meir kjend med din utvalde, og den andre blir meir og meir trygg på deg. Og – kanskje, kanskje – finn de ut at de er dei rette for kvarandre.

Om dette berre er ein kort romanse eller eit langvarig forhold, vil vise seg. Men forholdet kan berre vare så lenge du har noko som kunden din treng, og vice versa. (OK. Eg skal foreløpig ikkje dra dette lengre. Eg trur du har skjønt kva eg meiner.)

 

2. Kva er ei målgruppe

Innan marknadsføring er ei målgruppe meint som ei gruppe mottakarar eller ein kategori av personar, verksemder eller organisasjonar som kommunikasjonen eller marknadsføringa er retta mot. (snl.no)

Dette er altså dei enkeltpersonane som du gjerne vil skal klikke seg inn på nettsida di, for å finne løysinga på sitt spesifikke problem. Slik at dei kjem eitt, eller fleire, steg vidare på vegen mot målet sitt. Det kan vere dei finn løysinga i eit blogginnlegg, ei teneste du tilbyr eller i eit produkt i nettbutikken din. For å kunne bygge ei nettside som fungerer som ein marknadsførings- og salskanal for bedrifta di, treng du å tilpasse innhaldet ditt til akkurat desse enkeltpersonane.

På ein eller annan måte må du tenne gneisten som gjer at kundane dine fattar interesse for deg. Du treng å vite kva som skal til for at dei skal stole nok på deg til å innleie eit kundeforhold, og til slutt kjøpe produkta eller tenestene dine. Det er difor du bør skaffe deg så god kunnskap som mogeleg, om kven målgruppa di er.

 

3. Direkte og indirekte målgrupper

Dei fleste vil rette marknadsføringa si mot både direkte og indirekte målgrupper. Uttrykka primær- og sekundærmålgrupper inneber noko av det same. Content Marketing skriv i ein bloggartikkel på www.contentmarketing.no, at vi eigentleg har tre grupper av mottakarar vi ønskar å nå:

1)      Personane som betalar

2)     Personane som påverkar vedkomande som betalar

3)     Støttespelarane

Dette vil altså seie at nettsida di sannsynlegvis har fleire enn ei målgruppe, og at du må hugse å bygge innhald som er skreddarsydd for kvar enkelt målgruppe.  

 

4. Bruk personas for å sjå for deg dei potensielle kundane dine

For å gjere målgruppene dine meir levande, kan det vere ei svært nyttig øving å lage dine eigne personas. Ein persona er ein konstruert karakter som representerer idealkunden din.

På same måte som du kan ha fleire målgrupper, vil du også kunne ha fleire personas. Vil du ha det litt artig, kan du gi dei både namn og utsjånad. Eller du kan «låne» ein faktisk person frå kundebasen din, og sjå føre deg denne personen som mottakar, når du lagar innhaldet til nettsida di.

 

5. Bli kjend med målgruppa di

Dei aller viktigaste verktøya for å bli kjend med målgruppa di, er faktisk augene og øyrene dine. Så hald dei opne, alle saman, og bruk dei godt. Tek du med ein penn og ei blokk med blanke ark, skulle du vere bra rusta til å gå i gang. Her er det du bør gjere:

 

6. Snakk med og (for guds skuld) lytt til kundane dine

Store øyre (Foto: Shutterstock)

Store øyre (Foto: Shutterstock)

Veit du kva som er det viktigaste i eit kjærleiksforhold? Jau, empati og ekte innleving i den andre. Slik er det i målgruppe-samanheng også. Så ha så mange 1:1-samtalar du berre kan med kundane dine, og ver ein aktiv og god lyttar.

Merk deg korleis personane du snakkar med skildrar måla og utfordringane sine.

  • Kva ord brukar dei for å skildre løysingane dei ute etter?

  • Kva søkeord ville dei ha brukt om dei skulle leite på nettet etter det du kan tilby?

  • Kva er dei skeptiske til, og

  • kva er avgjerande for val av produkt og leverandør?

Noter deg desse orda og formuleringane, og bruk dei på nettsida di, slik at kundane dine og søkemotorane kjenner seg att og finn fram til sideinnhaldet ditt.

Lytt også etter andre karakteristikum, som interesser, haldningar, livsfasar, roller i bedrifta (eller familien), økonomiske rammer, interne kjøpsprosessar og kjenneteikn ved bransjen (eller livssituasjonen).

Har du enno ikkje fått kundar, så snakk med dei du trur kunne tenke seg å bli kundar. Hugs at du må snakke med folk i alle dei tre mottakargruppene dine; dei som betalar, dei som påverkar og dei som støttar deg.

 

7. Lytt til og kommuniser med målgruppa di på nettet

Det verkar lite romantisk, kanskje. Og i amorøse samanhengar kunne det kanskje minne om “stalking”. Men, heilt seriøst, for å bli kjend med målgruppa di, kan litt ærleg nysgjerrigheit på nettet vise seg å vere svært nyttig. Leit etter personar som er i målgruppa di på sosiale medium, i diskusjonsforum og i grupper.

Ver alltid open om kven du er, lytt til kva folk lurer på, kva dei treng og kva dei har som kjøpskriterium. Har du allereie ei e-postliste eller ei gruppe av følgjarar på sosiale medium, kan du invitere desse til å kome med spørsmål eller meiningsytringar, anten ope eller i innboksen din.

Hugs at skeptiske personar også er gull verde for bedrifta di! Desse personane vil fortelje deg kva som får dei til å tvile på produkta eller tenestene dine. Slik får du vite akkurat kva informasjon du treng å legge ut på nettsida di, for at også skeptikarane kan kjenne seg trygge.

 

8. Lag spørjeundersøkingar

Spørjeundersøkingar kjem i alle former og fasongar, frå 1:1 samtalar med folk på gata til automatiserte undersøkingar via nettsida di. Finn ut korleis akkurat du vil gjere det, og sett i gang. Eg kan love deg at sjølv ei enkel spørjeundersøking kan gi deg svært nyttig informasjon om målgruppa di.  

Digitale spørjeundersøkingar kan du enkelt dele på nettsida di, i dei sosiale kanalane dine og via e-post. Om du har ei Squarespace-side, kan du bruke funksjonen som heiter Promotional Pop-Up, og dele undersøkinga di her. Squarespace lar deg også sende ut undersøkingar i automatiserte e-postar, ei viss tid etter at kunden din har gjennomført ei handling på nettsida di.

 

9. Be om tilbakemeldingar

Etter at du har levert eit produkt eller ei teneste til ein kunde, bør du alltid nytte høvet til å be om tilbakemeldingar. Lag ei enkel spørjeundersøking og prøv å få kunden til å skildre heile kundereisa si, helst med sine eigne ord.

Med kundereise meiner eg her heile prosessen frå kunden din fekk kjennskap til produktet ditt, til vedkomande vurderte det og bestemte seg for å kjøpe. Her snakkar vi heile kjærleikshistoria, altså.

 

10. Lytt til din eigen nettsidestatistikk

I Squarespace sitt innebygde statistikkverkty, Analytics, kan du enkelt lese ut nyttig informasjon om aktiviteten på nettsida di.

Statistikken hjelper deg å bli kjend med målgruppa di gjennom å vise deg:

  • kvar trafikken til nettsida di kjem frå (land, fylke, stad)

  • kva plattform dei er på (telefon, nettbrett eller datamaskin)

  • kva trafikk-kjelder dei kjem frå (direkte, via sosiale kanalar, frå nyheitsbrev og anna)

  • kva søkeord dei har brukt

  • kva sider dei har besøkt

  • kva produkt eller tenester dei har kjøpt

Du bør også installere Google Analytics på nettsida di. Med Google kan du lese ut nesten endelause mengder med data frå aktiviteten på nettsida di.

(Om du lurte, så anbefaler eg ikkje statistikkføring som verktøy i kjærleikssamanheng. Eg dømer ingen, men når eg tenkjer meg om, kan eg ikkje førestille meg noko som er mindre romantisk enn statistikk.)

 

11. Målgruppearbeid er ein kontinuerleg prosess

Så lenge du er i oppstarten, både for bedrifta og nettsida di, er du nøydd til å basere deg på ein heil masse gjetting. Du vil måtte dikte opp idealkundar basert på rein fantasi, arrangere fiktive kundereiser og gjette deg fram til tenkte kjøpskriterium, men det gjer ingenting. Klarheita vil kome gradvis og med tida. (Og akkurat på dette punktet er det faktisk ein del parallellar mellom målgruppearbeid og lange kjærleiksforhold).

Med erfaringar, testing og tilbakemeldingar, kjem behovet for å justere og finjustere heilt naturleg. Di betre du kjenner målgruppa di, di betre vil du klare å rigge nettsida di og legge til rette for behagelege kundereiser. Innhaldet ditt og marknadsføringsinnsatsen din vil bli stadig betre, meir målretta og meir effektiv.

På denne måten vil du etterkvart kunne nå fram til endå fleire. Fleire av dei rette kundane vil finne deg, dei vil bli trygge på deg og det du tilbyr, og du endar opp med å kunne hjelpe endå fleire å nå måla og draumane sine.

 

12. Å velje målgruppe er også å velje bort

Å definere målgruppa di, gjer livet som nettsidebyggar og digital marknadsførar mykje enklare. Du snevrar inn kretsen du treng å tilfredsstille med nettsideinnhaldet. Det vert enklare å skrive produktskildringar, blogginnlegg, annonsar og nyheitsbrev. Men for å velje, må du også våge å velje bort ein del kundar.

Eg veit, av eiga erfaring, kor vanskeleg det kan vere å skulle takke nei til oppdrag. Eg vil likevel oppfordre deg til truskap mot målgruppene dine. Når du har bestemt deg for kven du skal konsentrere merksemda di om, og når du faktisk brukar energien din på akkurat denne kundegruppa, vil det ganske raskt kjennest både heilt rett og heilt fint.  

 

Lykke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 16. august 2021

Monika Haanes Waagan, Akka AS.


Foto: Natalie Gushchina

Foto: Natalie Gushchina

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Sal av produkt og tenester i Squarepace

Next
Next

Slik bestiller du domenenamn til nettsida di