Slik får du gode kundereferansar til nettsida di

Tidsbruk: ☕

 
Ung kvinne snakkar i telefon

Foto: Canva/skyNext

Du har sikkert både høyrt og lese at du bør legge ut kundereferansar på nettsida di. Dette er faktisk eit godt tips, men korleis gjer du det, eigentleg? Korleis skaffar du referansane som vippar ein kunde frå å vurdere å kjøpe til å bli ein betalande kunde.

1. Spør om tilbakemelding

Den aller beste måten å be om kundereferansar på, er å ta direkte kontakt med kundar du veit er nøgde med produktet eller tenesta du har levert. Mest sannsynleg vil dei fleste av desse vere positive til deg og bedrifta di, og dei stiller truleg gjerne opp som referansekunde for deg.  

Ein typisk framgangsmåte kan vere slik:

  1. Spør om kunden er villig til å gi deg ein kundereferanse, fortel korleis du skal bruke referansen og at du ikkje vil publisere noko før endeleg godkjenning frå kunden.

  2. Send ut spørsmål til kunden på e-post eller som digital spørjeundersøking.

  3. Gjennomfør ein samtale, anten på telefon, video eller i eit fysisk møte, for å gå igjennom og utdjupe svara på undersøkinga. (I enkelte tilfelle kan du hoppe over dette punktet.)

  4. Send eit utkast av referanseteksten til kunden og be om tilbakemeldingar og endringsframlegg.

  5. Endeleg godkjenning og publisering.

2. Kva skal du spørje om?

Det du skal vere ute etter, er den ekte historia om korleis produktet eller tenesta di løyste eit problem og skapte ein verdi for kunden din. Det er denne historia du skal fortelje vidare, i form av ein kundereferanse. Spørsmåla du stiller kan difor likne på desse:

  • Kva utfordring hadde du før du kjøpte mitt/vårt produkt eller teneste?

  • Kvifor valde du meg/oss som leverandør? Korleis bestemte du deg?

  • Korleis har du hatt nytte av produktet eller tenesta du kjøpte hos meg/oss?

  • Spør også korleis kunden opplevde kjøpsprosessen, samarbeidet og det å vere kunde hos deg.  

3. Automatiserte tilbakemeldingar i Squarespace

Framgangsmåten eg har skildra over, lar deg gå i djupna med nokre utvalde kundar, og det er sjølvsagt ikkje meininga at du skal gjere dette med alle.

Likevel er det viktig å hugse at alle fullførte kjøp er ei moglegheit for deg til å skaffe deg verdfulle tilbakemeldingar, og det med relativt liten innsats. Stikkordet her er automatisering. Det vil seie at du har eit system som sender ut e-postar med enkle spørjeundersøkingar til alle som har handla produkt eller tenester hos deg.  

Squarespace gir deg fleire muligheiter til dette. Både avtaleverktøyet Squarespace Scheduling og kampanjeverktøyet Squarespace Email Campaigns lar deg sende ut automatiserte e-postar ei viss tid etter ei bestilling, ei påmelding eller eit kjøp.

4. Korleis skrive referanseteksten

Overskrift og samandrag

Start med ei overskrift og eventuelt ei forklarande underoverskrift. Samandraget skal vere ein kortversjon av historia du skal fortelje i hovuddelen.

Hovuddel i tre deler

Deretter kjem sjølve historia, og denne kan gjerne vere bygd opp kronologisk. Først skildrar du den opprinnelege situasjonen til kunden din. Kva utfordring hadde kunden og kva mål hadde han før kjøpet. Deretter kjem ei skildring av korleis tenesta eller produktet ditt har bidrege til å løyse desse utfordringane. Til slutt fortel du om den positive innverknadene produktet eller tenesta di har hatt, og korleis dette har hjelpt kunden å nå måla sine.

Hugs at bedrifta di berre har ei birolle i denne historia. Kunden er både helt og hovudperson, medan du og bedrifta di er hjelparar som bidreg til at helten meistrar utfordringane og når måla sine.

Bilde og sitat

Bruk bilete og sitat frå kunden som støttar historia du fortel. Om du har ein lang tekst, kan du gjerne bruke desse elementa til å bryte opp teksten, slik at han blir lettare å lese.

Handlingsutløysande link

Avslutt med ein handlingsutløysande link. Tenk igjennom kva du vil lesaren skal gjere etter at hen har lese teksten, og legg inn ein knapp, eit bilete eller ein tekstlink som fører lesaren hjelpsamt vidare på kundereisa si.

5. Korleis publisere kundereferansen på Squarespace-sida di

Eg synest portefølje-sidene til Squarespace passar perfekt som referansesider. Ei portefølje-side er bygd opp slik at kunden din kan gå inn på porteføljesida frå menypunktet referansar og deretter klikke seg inn på kvart enkelt referanseprosjekt. Oppsettet er enkelt å administrere, oversiktleg og ryddig.

Du kan også publisere utdrag frå referanseteksten andre stader på nettstaden din. Plasser gjerne eit kundesistat på salssider og produktsider og på Om oss-sida di.

Lukke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 30. oktober 2021.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.

 
Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

3 gode grunnar til å gi bort noko gratis

Next
Next

Beste praksis for bilde i Squarespace