3 gode grunnar til å gi bort noko gratis

Tidsbruk: ☕

 
Kvinne med PC med gratisprodukt på skjermen.

Kvifor skal du bruke timevis på å lage flotte e-bøker, instruksjonsvideoar, sjekklister eller guidar, dersom kundane dine ikkje skal betale for dei? Dette er jo svært hjelpsamt innhald, basert på kompetanse du truleg har brukt mange år på å skaffe deg. Kva er eigentleg vitsen med å gi bort kunnskapen din heilt gratis?

1. Du bygger liste

Å gi bort noko gratis er den beste måten å bygge e-postlista di på. Du gir altså bort eit gratisprodukt (engelsk: freebie) i bytte mot ei e-postadresse.

Reint praktisk må kundane dine melde seg på e-postlista di, og dermed godta at du sender dei nyheitsbrev, før dei får lov til å laste ned gratisproduktet ditt.

Om du lykkast i å tilby gratisprodukt som er relevante og nyttige for målgruppa di, vil du få ei e-postliste av høg kvalitet, som stort sett består av interesserte mottakarar. Det er mykje betre å bygge ei kort liste med svært interesserte mottakarar, enn ei lang liste med folk som aldri vil kome til å kjøpe produkt eller tenester frå deg.

2. Du bygger tillit

Når du lagar gratisprodukt som hjelper mottakarane med å løyse ei konkret utfordring, kan du bygge tillit hos akkurat dei du ønskar å nå med produkta eller tenestene dine. Då gjeld det at gratisprodukta dine treffer målgruppa di godt, slik at du kan demonstrere kompetansen og løysingane dine for dei rette personane.

Når du viser at du kan hjelpe, gjennom å faktisk hjelpe, aukar du sannsynet for at potensielle kundar til slutt endar opp med å kjøpe eit produkt eller ei teneste frå deg.

3. Du lar kundane få smaken på produkta dine

Ein person som takkar ja til ein gratis smakebit av produkta eller tenestene dine vil med større sannsyn kome tilbake til deg for å kjøpe på eit seinare tidspunkt. Vel om merke dersom gratisproduktet ditt fall i smak.

Om kundane dine får mykje gratis frå deg, vil dei umedvite bygge opp ein lojalitet til deg, som aukar sjansen for at dei vel å bruke deg som sin leverandør, den dagen dei er klare for å kjøpe.

Tenk på at produktet du gir bort, skal gi kundane dine lyst til å vite meir om deg og produkta dine.

  • Eit selskapslokale kan kanskje vise korleis ein kan pynte bordet til bryllup, konfirmasjon eller jubileum.

  • Ein kurshaldar kan dele ein liten del av eit større kursopplegg.

  • Ein frisør kan dele sine beste stylingtips før julebordsesongen.

  • Ein bilverkstad kan tilby eit minikurs i bilpleie.

Når du skal lage eit gratisprodukt, du ha målgruppa di i tankane. Det betyr nemleg ingenting at du diggar sjekklista du har laga, om ingen i målgruppa di er interesserte i å bruke henne. Det er heller ingen vits å gi bort noko “alle” vil ha. Då vil du få ei e-postliste full av uinteresserte og uinteressante mottakarar.

Så ver hjelpsam og aktuell og gi bort smakebitar av produkta dine til personane du ønskar å nå.

 

Lukke til!

Eg håpar bloggposten var nyttig. Har du tilbakemeldingar, spørsmål eller tips til tema for denne bloggen, så send meg gjerne ein e-post.

Dette innlegget vart første gang publisert 19. november 2021.
Monika Haanes Waagan, Akka AS.

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Kom i gang med nyheitsbrev

Next
Next

Slik får du gode kundereferansar til nettsida di